Sted
Kvinnherad
Dato
April 1, 2021
Tid
0:00

Bli med å spreie påskeglede

Kvinnherad frivilligsentral og Kvinnherad turistinformasjon ynskjer å skapa litt påskeglede i ei krevjande tid-og vi ynskjer akkurat deg med på laget!

Har du noko påskepynt andre kan få gleda av å sjå? Eller kanskje du vil lage noko? Mal litt påskefargar på ein stein, eit egg, eller kanskje du vil perle ein liten påskekylling? Heng det opp eller legg det ein stad utandørs slik at mange kan få glede av din påskepynt!

Ta bilete, legg ut på instagram der du nyttar #påskeikvinnherad , eller legg ut på facebooksida til Kvinnherad frivilligsentral eller Kvinnherad turistinformasjon. Du kan og sende på mail :-)Alle bidrag er med i trekninga av eit påskeegg fylt med godis, buff og billettar til Folgefonnssenteret. Trekninga vert gjort torsdag 1/4 kl 12.