Sted
Kvinnherad kyrkje
Dato
October 30, 2020
Tid
19:00

Gabriel Faurè: Requiem

Cantus Firmus ynskjer velkommen til konsert 30.oktober kl 19. Vi framfører Gabriel Fauré sitt Requiem i D moll,  komponerte  mellom 1887 og 1890. Vi gler oss til dele denne fredagskvelden med dykk! Eva Megyesi er organist, Kari Eide og Alida Nesheim er med på fiolin. Rebekka Attramadal er dirigent. Kor og musikarar er bak på galleriet i kyrkja. Dette vil difor bli ein konsert der de høyrer oss betre enn de ser oss.
Konserten startar med solo orgelstykke av Eva Megyesi, og ein introduksjon om Gabriel Fauré sitt requiem. Requiem står i den kyrkjelege tradisjon for Messe for dei døde, med både alvor og håp. Søndagen er det Allehelgensdag-gudsteneste , der alle som har fulgt nokon av sine til grava sidan sist allehelgensdag  særskilt invitert.
På grunn av smittevernreglar vil alle besøkjande bli skrivne opp. Ein kan bli skrivne opp frå kl 18. Navna vert lagra i to veker.
Det er mogeleg å gje ei gåve til Cantus Firmus sitt arbeid ved utgangen/Vipps 584714.
Konserten er eit samarbeid mellom Cantus Firmus og Kvinnherad sokneråd.
Velkommen !