Sted
Kulturhuset Husnes
Dato fra
Dato
November 17, 2021
Dato til
Tid
19:00
-

Jenta med fyrstikkene - Teater

Har du høyrt eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og sel fyrstikker? I så fall gløymer du henne aldri.

H.C. Andersens eventyr «Piken med svovelstikkene» er eit av dei vakraste og såraste eventyra vi har, ein udødeleg klassikar for barn. Eventyret er frå ei anna tid, men det er like opprørande i dag: Kvifor er det ingen vaksne som hjelper jenta? Kvifor går dei berre forbi, korleis kan dei tole det?

Små barn har stor sans for rettferd, og dei forstår godt at eventyret handlar om nestekjærleik. Det er julas bodskap, det, og få juleforteljingar stikk djupare i oss enn denne. I vår versjon inviterer vi barn inn i ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd.


Framsyningslengd: 45 min
Familieframsyninga høver for alle frå 5 år.
Framsyninga vert spelt i ‘blackbox’ med avgrensa tal plassar.

Med atterhald om endringar.

KUNSTNARLEG LAG

Av H.C. Andersen
Regissør Miriam Prestøy Lie
Dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt
Visuelt uttrykk Synnøve Ringdal
Lysdesignar Krystian Myska
Omsetjar Terje Lyngstad

MEDVERKANDE
Carina Furseth
Idun Losnegård
Kyrre Eikås Ottersen