Sted
Kulturhuset Husnes
Dato
February 13, 2021
Tid
21:00

Konsert Morten Abel

Morten Abel har over 40 års erfaring som låtskrivar og artist. Med over 600 000 solgte album, er han for lengst som ein institusjon å rekne i norsk musikkliv. Saman med multiinstrumentalist Thomas Gallantin utforskar Abel det nære duoformatet. Dei tek for seg låter fra Abels karriere og gjer dei nye drakter. Etter fire tiår som låtskrivar og entertainer, er Abel framleis ein av landets beste formidlarar, og skuffar aldri på scenen. Så du kan ikkje sjå vekk i frå at ein og annan overrasking dukkar opp, i tillegg til dei gode kjenningane. Gled dykk!