Sted
Kjeldestøl, Rosendal
Dato fra
Dato
April 15, 2022
Dato til
Tid
11:00
-
15:00

Open støl på Kjeldestøl

Ta turen til den vakre, nyrestaurerte setra ovanfor Rosendal. Der vert det høve til å sjå sela, høyra historia om staden, og smaka dei vidgjetne mjelkekakene og litt å drikka. Alle er hjarteleg velkomne! Ope frå ca 11.00 – ca 15.00.

Korleis kome til Kjeldestøl: Følg vegen oppover forbi kyrkja, parkering 100 meter etter at asfalten sluttar. Gå inn på grusvegen i ca 40 minuttar, ta av til venstre på sti merka «Kjeldestøl», ca 15 minuttar å gå på stien.
Gjerne ta turen via Skålafjell og sjå den fantastiske sherpastien der!