Sted
Frammøte ved det gamle meieriet
Dato fra
Dato
November 10, 2021
Dato til
Tid
10:00
-
14:30

Seniortur Sundeområdet

Det blir frammøte ved det gamle meieriet på Sunde.

Vi startar turen ved Bjellandsbrua og går ned til Sunde kyst- og litteratursenter i Bergslagen for å få ei orientering om det som skjer der, Kjell Magne Stråbø møter oss. Han vil fortelja om Lars og Kara Tveit som saman med sønene sine dreiv båtbygging i Bergslagen. Det blir orientering om arbeidet som alt er gjort, og det som er planlagt for å ta vare på skipsbyggingsmiljøet der.

Turen vidare går mot Vardhaugen og den gamle husmannsplassen Holo, deretter mot Storarøyso og Åsgardsholmen i Krabbahopen. Der tek vi ein matpause før vi går vidare mot Sunde.

Deler av turen går på skogsveg, men mykje på stiar. "Turstiar på Sunde" har utført mykje bra arbeid i området, men det der likevel ein del blaute parti --> bruk gode sko !

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Det gamle meieriet på Sunde kl. 10:00
  • Turkarakter:  BLÅ  - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Ivar Vaage og Tor Sandvik
  • Vandringa:
  • Distanse: 7 km
  • Høgdeskilnad: 50 meter
  • Tidsbruk: 4,5 timar