Sted
Galleri G Guddal
Dato
April 1, 2021
Tid
11:00

Utstilling Geir Nymark

Kunstnaren frå Voss har hatt fleire utstillingar i galleriet.Dei vestnorske landskapsmotiva er også særs populære i grafikkavdelinga heile tida.

På denne utstillinga vil han visa grafikk og originale arbeid på papir, foamboard og aluminium.Når det gjeld grafikken blir det etsingar og etsingar som er bearbeida med farge etter trykking.  Arbeida på papir, foamboard og aluminium er spraylakk.

Spraylakk på papir: Her trykkjer han først eit blindtrykk på fukta papir ( trykkjer utan å ha farge på plata ). Dette berre for å pressa fibrane i papiret slik at det blir glatt og ikkje syg så mykje farge. Når papiret er tørt, sprayar han mange lag med forskjellig farge på blindtrykket.  Han trekkjer så ut farge frå dei underliggjande fargelaga ved å bruka papir , papp og elles det han har tilgjengeleg som kan trekkja ut farge. Dette må gjeras før fargen tørkar. Resultatet blir eit spontant uttrykk.

Arbeida på foamboard og aluminium er same teknikk. Han brukar ikkje skisser når han lagar bildene. Han har berre en ide om korleis bildet skal bli og prøver etter beste evne å få dette til.

Ope Skjærtorsdag – 2. påskedag kl. 11 – 16.

Etter påske: laurdag og søndag kl. 11 – 16.