Eit eldorado av naturopplevingar

Kvinherad Turistinformasjon har inngått samarbeid med Rosendal Fjellsport, og vil her gje deg siste nytt om turar, natur og kultur!

Kvinnherad, den langstrakte kommunen som utgjer deler av Folgefonnhalvøya, har i lange tider lokka til seg alt i frå adelege frå sørlege Europa til meir moderne fjellbomsar med tape på dunjakkene. Naturen skil ikkje mellom Kong Salomo og Jørgen Hattemakar og inviterer uavhengig av bakgrunn til sterke naturopplevingar gjennom alle årstider.

Kvinnherad er for mange forbunde med fjell, fjord og fonn. Det stridast om kommunen høyrer til Sunnhordland eller Hardanger som region, men mest truleg står kommunen støtt med ein fot i kvar leir. Her finner ein både det karakteristiske landskapet som pregar kystkommunane, med øyer og små holmar, men også det meir nasjonalromantiske preget som Hardanger er forbunde med. Kan ein be om meir?

Våren er ei fantastisk tid både for fot-og skiturar. Naturen vaknar til liv igjen etter ein vinter i dvale. Foto: Cato Leganger

I lange tider har det vakre landskapet lokka til seg turistar frå både nær og fjernt, anten det har vore adelege frå nedover på kontinentet eller moderne fjellbomsar. Sistnemnte med ei meir spartansk tilnærming til friluftslivet, sett vekk ifrå at dei har med seg utstyr verdt nokre titals tusen. Bandet mellom disse menneska har sine røter i naturen, og for mange av dei er naturen for religion å rekne. For det er få plassar vi kjem nærare oss sjølve enn når vi er ute på tur. Dette er næring til sjela eller egoet, avhengig av korleis vi vel å tilnærma oss det, men uansett gir det potensielt sterke opplevingar som igjen kan gi meistring. Noko som ligg fundamentalt for vår trivsel som menneske.

Kvifor så filosofisk tenkjer du? Jo, rådet mitt er: Kom deg ut på tur, anten det er bakom huset, på ein fjelltopp, på sjøen eller i fjæra. Logg av frå samfunnets fasadespel. Fri deg frå stresset og det konstante jaget. Ta eit steg av gangen og la meistringskjensla fylle kroppen din. Det er eit steg på vegen mot eit livslangt forhold til naturen som eg oppmodar alle om å ta. Det gjer oss alle i betre stand til å overlevere moder jord til dei neste generasjonane slik at dei også kan ha gleda over den frie, reine og så verdifulle naturen.

Presentere informasjon

I tida frametter så kjem det til å verte presentert ulike saker på denne sida. Fokuset kjem i all hovudsak til å verte naturopplevingar, anten det er sumar, haust, vinter eller vår. På ski, på bre, med kalk på henda, med fjellstøvlar på eller i kano. Avhengig av kva som er mest aktuelt. Men det kan også verte aktuelt med enkelte kulturelle innslag, anten det er noko hyggeleg ein kan få med seg eller det berre er tips om ein stad kvar ein kan få seg ein skvett kaffi på veg heim frå tur.

Det er ikkje tvil om at den langstrakte kommunen på vestsida av Folgefonnhalvøya, og som vi er heldige innbyggjarar av, har mykje å by på når det kjem til sterke naturopplevingar. Fokuset på innlegga vil variere frå reine turtips med praktisk informasjon for gjennomføring av eigne turar, via turskildringar frå turar vi sjølve har gått, til statusoppdateringar på skiføre i området. Det sistnemnte vil vi prøve å få til kvar veke inn mot den komande helga.

Status skiføre per 27.01.2022

Vinteren så langt har vore prega av regn og vind. Det har vore nokre snødump, men det er lite som har vorte liggande utover i enkelte formasjonar i høgda. I skrivande stund har ein ny runde med vestavêr ført til snø over sirka 800 moh, men utfordringa er at snøen som har falle den siste tida ikkje har noko underlag å legge seg på utover i dei høgareliggande fjelltraktene. Likevel byrjar det å nærme seg eit skiføre, men det varierer stort, avhengig himmelretning, høgde og kvar du er i forhold til Hardangerfjorden. Jo lengre inn i fjellheimen du kjem, jo større sjanse er det for å finne noko som kan minne om skiføre. I løpet av helga er det meldt store mengder nedbør. Snøgrensa skal variere ein del, men forhåpentlegvis så vil det nærme seg føre for alpine turski, og ikkje berre fjellski, når vi vippar over i ny veke.

Frametter kjem det til å kome ein status på skiføret på denne nettsida. Det kjem til å verte publisert før helgeutfarten, og det vil i all hovudsak ta for seg kor ein finner skiføre: kva områder som er aktuelle, på kva høgde ein kan ta på skia og i kva himmelretningar som potensielt vil gi det beste skiføret.

Det vil ikkje verte stort fokus på skredfare i disse statusrapportane, anna enn generelle råd, då det å vurdere skredfare er noko den einskilde må vere kompetent nok til å vurdere sjølv om ein skal inn i skredterreng. Dersom ein treng informasjon om skredfaren så er https://www.varsom.no/snoskredvarsling/varsel/Hardanger/ den beste staden å lese seg opp

Tekst og bilete: Cato Leganger

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.