Gygrastol 1339 moh – ”Trollstolen”

Det er ein grunn til at Gygrastol er ein sikker vinnar om du vil ha makelaust fine skibilete til Instagram!

GYGRASTOL

Gygrastol 1339 moh – ”Trollstolen”

Det er ein grunn til at Gygrastol er ein sikker vinnar om du vil ha makelaust fine skibilete til Instagram. Fjellet byr på fantastisk utsikt, og ikkje minst fantastisk skiterreng. Fjellsida ligg nordvendt, og kan ofte gi fin vårskikøyring til godt uti mai, om du er interessert i å bære skia litt på veg opp.

Praktisk informasjon:

· Sesong: Normalt februar/mars – mai.

· Lengde: Sirka 7 timar, avhengig av kombinasjon.

· Terreng: Utfordrande/komplekst terreng. I dårleg sikt kan turen kategoriserast som kompleks. Ein del heng på mellom 30 og 40 grader.

· Vanskelegheitsgrad: Krevjande. Du bør erfaring med skikøyring, og du bør kunne ferdes i variert terreng på variert føre.

Gygrastol er eit karakteristisk fjell som tronar over bygda Ænes ved Hardangerfjorden. Samanlikna med ein del av dei andre toppane i området så er Gygrastol meir prega av den fjordnære beliggenheten. Det vil sei at fjella rundt Omnatind i nabodalføret har typisk meir snø. For Gygrastol er det ofte varierande mengde snø i nedre del, men om ein fyrst treffer med forholda, så er fjellet, med sin beliggenhet, kanskje det finaste fjellet å vitje. Her får ein prima utsikt mot dei populære nabofjella som tronar i bakkant av

Rosendalsbygda, til fjorden og ut i havet. Du har utsikt mot fjord og fjell i alle himmelretningar, både på turen opp og turen ned. Ja, på mange måtar kan det minne litt om Lofoten der du svingar deg nedover mot fjorden. Og det seier sitt, for Lofoten er fint!

Fjordutsikt frå Gygrastol. Foto: Erlend Hellingsrud

Ta deg gjerne ei overnatting

For å ta fatt på turen opp til det majestetiske fjellet, så er utgangspunktet parkeringa ved Ænes kyrkje. Etter det følgjer du ein grusveg, vanlegvis med skia på sekken i starten. Etter kvart som du når snøgrensa, der ferdsel med ski er fornuftig, så seier vegen seg litt sjølv, i alle fall i fint vêr. Ein sikk-sakker seg oppover lia, med sikte på det lågaste punktet på toppryggen. Gygrastol har to toppar. Den vanlegaste toppen ligg mot nordaust, og er den toppen ein går på ski til. Den andre toppen, som ligg ein drygt steinkast vekke, er litt høgare, men den krev til gjengjeld lett klatring (med tau).

Vel oppe på toppen, så er det vel verdt å setje av litt tid til å nyte utsikta, for den er framifrå vakker! På våren, når kontrastane ved Hardangerfjorden er størst, så er det verkeleg ei oppleving å sjå bløminga i låglandet og snødekte toppar i høgda. Eit lite tips, om du ynskjer litt ekstra skikøyring, er å sleppe seg ned baksida mot det vi kaller Lægdakruna. Denne sida er solvendt frå morgonen av, og snøen her har som regel litt anna konsistens enn den nordvest-vendte sida ned mot fjorden. Det gir litt ekstra skikøyring, men du må rusle deg opp att på ryggen. Vel oppe på ryggen, og med

skituppane peikande mot fjorden, så har du att det finaste partiet med skikøyring. Vel og merke om du treff med forholda. Jo lengre inn i ”gryta” du vel å legge sporet, jo brattare vert det. Opp mot sirka 40 grader på det brattaste. Legg du sporet meir i retning av der du gjekk opp, så vert det litt slakare.

På veg ned frå toppryggen av Gygrastol. Topp nummer to ser du til høgre. Foto: Cato Leganger/Rosendal fjellsport

Om du har moglegheit til å setje av litt ekstra tid forut for turen, så er eit lite tips å legge seg i telt på det vi kallar ”Appelsinhaugen”, ved vatna eller ein anna fin stad i terrenget, kvelden før du skal på tur. Ein fin vårdag er det fantastisk å ligge her i telt eller under open himmel, og ha tilgang på god mat, god drikke og godt venskap. Det å ligge her og sjå solnedgangen, vel vitande om at ein har ein topp skitur føre seg neste dag, det er prima, eller ”bellissimo”, som ein plar seie på godt kvinnhersk!

Ein hyggeleg kveld på ein toppturcamp for nokre år sidan. Ein fin kombinasjon av god mat, god drikke, bra menneske, telt og solnedgang. Og ski! Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Sagnet om Gygrastol

Eit kvart fjell har si eiga historie, og enkelte fjell har mange ulike variantar. Også Gygrastol. Eg minnast mitt fyrste møte med namnet. Det var i ein guidemanual heilt tilbake i ei tid som kjenst som ein evighet sidan. Eg var ikkje gamle karen, men skulle vere med å guide nokre cruiseturistar som skulle på busstur. Eg tenkte at mitt viktigaste kort var troll og historiar om disse mytologiske skapningane. Historier om tusser, troll og vikingar er som dop for enkelte, og spesielt litt eldre turistar frå det ganske utland. Eg innleia med den sedvanlege praktiske informasjonen om turen, før eg avrunda med at ”We might see some stoned trolls that did not make it back home before the sunrise this morning”. Tolk det som du vil. Gispet og forventninga kunne høyres frå bak i bussen og fram til ”cockpit”. Eg tenkte at her vert det tips ved endt dag, noko eg fekk rett i.

Sagnet om Gygrastol er noko lunde som følgjer: Gygra på austsida av fjorden, altså der Gygrastol ligg, hadde lenge kika over på dei grøne og frodige bakkane på Varaldsøy, på motsett side av fjorden. Gal av misunning så bestemte ho seg for ein kveld etter at sola hadde gått ned, at ho skulle prøve å trekke øya over til si side av fjorden. Ho fann fram solid tauverk, kasta tauet over og fekk tjora det godt fast. Gygra byrja å trekke, men i prosessen vakna trollet som budde på øya. Trollet styrta til, og i det Gygra såg dette drog ho til det ho makta. Det enda i at ein liten bit av Varaldsøy lausna og hamna midt i

fjorden, det vi i dag kallar øya Sild. Gygra hadde rykt sånn til at ho ikkje klarte å ta seg for då Sild slitna frå hovudøya. Ho fall bakover og planta rumpa i fjellsida. Merket etter rumpa ser vi den dag i dag, mest som ein stol av utsjånad, og det er difor fjellet har fått namnet ”Gygrastol”.

Snørapport per 10.02.2022

Omsider kom vinteren i fjellet. Den siste tida har det falle store mengder snø, med innslag av mildare periodar. Dette har ført til at vi i dag finner bra skiføre mange stader i kommunen. Over sirka 700 moh så ligg snøen på eit skarelag, medan det under denne høgda så er det mindre underlag. Det er variasjon i kommunen, men det fører til at det enkelte plasser er kort veg ned til stein og lyng. I tillegg så har vi hatt mykje vind, så der vinden har fått tak er det typisk avblåst. Det er gjerne på konvekser, på ryggar og på toppane. Vinden har jobba mykje frå sør, men vekslande vindretning har ført til at det ligg flak av vindtransportert snø i motsatte sektorar. Tidlegare i vinter fekk vi ein del snø på vest og nordvest. Summen av ulik vindretning har ført til at vi byrjar å få ein del snø i dei fleste leformasjonane, noko som er positivt med omsyn til resten av vinteren. Den neste perioden skal det fortsetje å snø. Nysnøgrensa skal variere litt, men stort sett vil den ligge mellom 500 og 700 moh. Det er bra for dei fleste destinasjonane for skiturar i området, anten det gjeld Fjellhaugen eller dei høgare fjella rundt Rosendal.

Om du ikkje er interessert i tur med alpine turski, så er det flust i mange fine turar ein kan ta på fjellski. Og hugs at du ofte kjem nærare naturen og alt som lever i den om du beveger deg litt vekk frå det opptråkka sporet.

Følg med på varsom.no/Hardanger for råd om skredfare, og hugs at skal du ut i skredterreng, så må du ha kunnskap til å kunne vurdere dette sjølv.

God tur!


Tekst og foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.