Hestabotnpynten

Toppen med det litt vanskelege namnet byr på ein av dei finaste turopplevingane i område

Praktisk informasjon:

· Sesong: Normalt januar/februar – mai.

· Lengde: 7-9 timar, avhengig av rute.

· Vanskelegheitsgrad: Middels. Du bør vere i fysisk grei form og ha litt erfaring med skikøyring frå før. Vurdering av skredfare er som alltid eit “must” når du skal inn i skredterreng.

Toppen med det litt vanskelege namnet byr på ein av dei finaste turopplevingane i området. Når det er fullt av folk på den meir kjente Omnatind, så er det ofte god plass på ”Hesten”. Utsikta er framifrå med utsikt mot Bjørndalstindane, Gygrastol, Hardangerfjorden og havet i vest. På vårparten er det mogleg å kombinere turen med padle/rotur over Myrdalsvatnet. Det gir ein litt ekstra ”edge” på turen. Sjølve skituren byr på ein av dei finaste og lengste nedkøyringane der du følgjer ”storflanken” ned mot det flotte dalføret Øvre Myrdal og ned att til Myrdalsvatnet.

Kombinasjon

Det er mogleg å kombinere turen med andre toppturmål, som til dømes Omnatind. Då er det fornuftig å gå Omnatind fyrst, via Nipeskar, legge skisporet ned i Øvre Myrdal før du tek til på Hesten. Retur er anten via Myrdalsvatnet, gå rundt eller padle over, eller å sikk-sakke seg opp att på bandet og skli ned Nipeskar mot utgangspunktet. Denne ruta er mest aktuelt tidleg vår når Myrdalsvatnet er dekt av is. Er vatnet fri for is, så er det som er nevnt under ei betre løysing for å nå Hestabotnpynten. Då har du også eit like godt utgangspunkt for å gå til Omnatind og andre nærliggande og forlokkande toppar.

På veg mot Hestabotnpynten. I bakgrunnen kan du sjå Melderskin, Omnatindo, Omnen og Bjørndalstindane. Kanskje ein av dei er turmål for dag 2? Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Vårskikøyring på sitt beste

Det er framleis tidleg vår, og ikkje alle vatn er moglege å padle over. Eit godt tips er å kombinere tur til Hestabotnpynten, og omkringliggande toppar, med overnatting på det som vert kalla Sanden i inste enden av Myrdalsvatnet. Det å ro eller padle over Myrdalsvatnet ein tidleg morgon, eller sein ettermiddag, avhengig av når de legg i veg, gir turen ein ekstra dimensjon. Om de ikkje har kano, kajakk eller båt, så er det mogleg å leige nøkkel til båtar hjå turistkontoret. Teltplassar er det nok av. Med Sanden som leirplass så har de eit prima utgangspunkt for vårskikøyring i Rosendalsalpane, på sitt beste vil eg sei. Det er få ting som slår ein lang dag på ski avrunda med eit bad i Myrdalsvatnet og påfølgjande bål til kvelds. Då kan du mest ha med deg kva som helst av mat, og det smakar godt. Kanskje du også freistar fiskelukka i vatnet? Det er mykje fisk, både smått og stort.

Ein rotur over Myrdalsvatnet, på veg heim etter ei helg med ski, telt og bål. Vårens vakraste eventyr? Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

God tur!

Førerapport 17. mars 2022

Er det mai månad eller er vi framleis i mars? Hoppa vi over april? Det kjennes slik ut. Det har vore vårlig den siste tida, og om ein ser på vêrmeldinga for den komande veka, så ser det ikkje ut til at vårens milde hand har tenkt å gi slepp.

I skrivande stund, torsdag kveld, så har det falle nokre cm nysnø over om lag 600-700 moh. Det har vore litt vind, kraftigare vind i høgda, som kan ha ført til ustabile flak mot nord-nordaust. Dei relativt milde temperaturane, høgt til fjells, vil ha gunstig effekt på stabilisering av disse flaka. Det har også vore rapportert nedføyka kantkorn/rim frå indre del av regionen, men per no er det ingen klar indikasjon på at det er tilfellet her i ytre del. Ein bør likevel vere obs på at det kan vere lommer av dette mot nord, då isolerte lommer som ligg i skuggen for sola. Eit anna faremoment no på våren er våte laussnøskred, typisk i solsidene. I tillegg har ein glideskred, gjerne i tilknyting til bratte konvekser. Hold avstand til disse. Ver også obs på at det er ein del større skavlar i fjellet. Pass på at du har fast fjell under beina. Skavlar kan typisk knekke av 45 grader innover.

På veg til Hestabotnpynten, med Hardangerfjorden og havet i bakgrunnen. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

Grense for samanhengande skiføre:

Den siste tida har det smelta ein del snø, men ein finner gjerne samanhengande skiføre frå rundt 300 moh, men med litt variasjon med omsyn til fjellets beliggenhet ifht fjorden.

Primært skredproblem:

Ustabile fokksnøflak i høgda mot nord-nordaust. Våte laussnøskred og våte flakskred. Større fare jo lengre ut på dagen ein kjem. Primært i solsidene.

Følg med www.varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger.

Som eit ekstra lite tips, om du har lyst til å lære meir om snø, snøskred og ferdsel i skredterreng, så kan du melde deg på eit kurs. Det er mange kompetente tilbyderar av skredkurs. Om du ikkje har tid eller lyst til det, så er snøskredskulen på https://www.varsom.no/snoskredskolen/ ein god stad å byrje. Innhaldet her er utforma av særs kompetente folk med langs fartstid i fjellet.

God tur, og vel tur etter evne! Og hugs solkrem :)

Tekst og foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.