Klassikaren Omnatind

Omnatind - kanskje den mest klassiske turen ein kan ta av toppturar i området!

Fakta:

Høgde: 1360 moh

Lengde: 5-7 timar

Sesong: Januar-mai

Vanskelegheitsgrad: Middels

Tlf til bomnøkkel: 909 74 030

Det er ikkje utan grunn at Omnatind vert sett på som kanskje den mest klassiske turen ein kan ta når det gjeld topptur i området. Turen i seg sjølv er ikkje spesielt teknisk vanskeleg, og store deler av turen går i relativt skredtrygt terreng. Her er det viktig å merke seg at ruteval og vurdering av skredfare er viktig å kunne ha kontroll på for å unngå å hamne i trøbbel. Meir om det etterpå.

Vanlegvis byrjar turen ved Myrdalsvatnet, 374 moh. Om vegen inn til vatnet er snøfri, så er det mogleg å køyre inn ved å betale 150,- kroner per personbil. Merk at på vinterstid, når det er snø i låglandet, så vert det ofte køyrt langrennsløype inn til vatnet. Det er ikkje nemneverdig populært blant dei lokale om ein vel å druse av gårde i SUV-en sin og øydelegge turløypa. Er det køyrt turløype, ja, då kan du parkere på Kletta, ta fellene fatt og gå inn. Du er på tur uansett, og ein liten time ekstra å gå, går bokstaveleg talt fint.

Ruteval

Vegen opp til Omnatind seier seg eigentleg sjølv, men det er nokre viktige punkt ein skal vere obs på. Etter å ha parkert bilen så skal du følgje ein traktorveg som tek deg oppover lia. Det er lurt å følgje denne traktorvegen nesten heilt til endes. Mange tek av frå skogsvegen for tidleg, og då må du knote deg gjennom til dels tett skog, men verst av alt er at du fort hamnar i utløpssoner for skred. Følg difor sumarruta opp. Det er tryggare.

Når du kjem opp gjennom skogen så har snøen ein tendens til å endre karakter. Om du vel sumarruta opp, altså langs Nipeelva, så bør du etter kvart, når du kryssar skoggrensa, holde til venstre for elva, forbi det dei lokale kallar Nipetongen. Det er mange som legg ruta for mykje til høgre i skaret kryssar følgjeleg under dei bratte partia til høgre i Nipeskar, ein unødvendig risiko. Det er eigentleg berre flaks at det ikkje har hendt noko her. Spesielt på vårparten, når sola byrjar å ta meir i dei vestvendte henga, er dette partiet ekstra ustabilt. Etter at ein har vandra opp gjennom skaret og er oppe på bandet, så følgjer du i stor grad enklaste veg mot toppen. Det er vanleg å ta av seg skia på ryggen før ein eventuelt går opp på sjølve tinden. Ein bør vere litt ekstra varsam om ein vel å gå på toppen med omsyn til utglidingsfaren, spesielt om det er hardt. Stegjern, eller i alle fall ei lita isøks kan vere lurt å ha med seg.

Frå toppen er det mange moglegheiter for nedkøyring, alt etter kva rådande skredproblem og i kva himmelretningar ein har det i, og ikkje minst eins eigen dugleik på ski. Mange legg turen ned i Øvre Myrdal. Vel du denne så vil det verte brattare jo lengre mot skikøyrars høgre du kjem. Vel nede i dalføret så må du ta på fellene att og sikk-sakke deg opp att på bandet. Etter det kan du vende blikket ned Nipeskar og mot Myrdalsvatnet. Om du har tima tida godt så kan du få ei flott nedkøyring i solnedgang – i vest bevegar sola seg gradvis ned. Ljoset på kveldar som dette kan ta pusten frå ein.

Ein lukkeleg skiløpar på veg ned att Nipeskar etter å ha vore på Omnatind. I vest ser ein sola gå ned i havet. Foto: Cato Leganger

Rydd opp etter deg!

Vi ser på fjellet som reint, ekte og ærleg. Det gir oss mykje glede og meistring. Om fjellet kunne ha snakka så innbiller eg meg at det ville sagt at alt det ville ha i retur var at vi behandla det godt, og at vi rydda opp etter oss. Vi skuldar naturen å halde den rein. Anten det er ølboksar, emballasje eller dopapir.

Eg vil difor kome med ei oppmoding: Fyrst og fremst, plukk opp boss etter deg. Det inkluderer dopapir. Må du på do, noko vi alle må iblant, så ver gild å ikkje gjer det midt på stien eller på dei mest opplagte rasteplassane. Det er ikkje så hyggeleg når hunden snusar opp restane etter ein eller anna person sitt dobesøk, bak steinen der du sit og et nista di. Om vi alle tek litt omsyn, så vert alt så mykje trivelegare.

Ein skiløpar tek seg ein pust i bakken på ”Bandet”. Melderskin 1426 moh til høgre. Foto: Cato Leganger

God tur!

Snørapport per 03.02.2022

Vi går framleis å ventar på stabilt vintervêr. Til no har vintervêret fungert meir som ein jojo, der mildvêrsgrensa har variert frå 0 moh til 1500 moh. Det er ikkje oppskrifta på stabilt og godt skiføre, men lukkelegvis byrjar det å nærme seg litt vinterlege forhold i fjellet. Jo lengre vekk frå fjorden, og jo lengre inn i dalane ein kjem, jo større sjanse er det for å finne skiføre for både alpine turski og fjellski. I området rundt Omnatind så har vi no ein base av ulike smeltelag og is frå tregrensa og opp. Avhengig av mildvêrsgrensa gjennom dei neste dagane,

så kan ein potensielt finne bra skiføre her. Det er meldt relativt mykje nedbør den neste perioden, men det er også meldt ein del vind i høgda frå sør, sørvest og vest. Temperaturen skal variere litt, men er vi heldige så kan vi få ganske mykje snø i høgda, og i kombinasjon med vind så kan områda som til dømes rundt Omnatind få bra dekning. I veka som var så var det framleis mykje stein som stakk opp, så å velje dei nyaste skia er truleg ikkje veldig lurt. Det er ein viss fare for lyng og stein i sålen. I skrivande stund, torsdag klokka 21.00, så syner vêrstasjonen nesten ni grader ute. Det vil sei at det er plussgrader til omkring 1000-1100 moh. Håpet er altså at temperaturen skal falle litt dei neste dagane.

Utsikt frå Nordlifjelleggen, 900 moh, 02.02.2022, mot Melderskin, Omnatind og resten av fjellrekka som utgjer ”Rosendalsalpane”. Nipeskar kan sjåast litt til venstre for midten. Foto: Cato Leganger

Tekst og foto: Rosendal Fjellsport v/Cato Leganger

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.