Kom mars, du skjønne milde!

Det vårlige vêret pregar framleis fjellheimen, som det har gjort den siste tida.

Snørapport 24.03.2022

Det vårlige vêret pregar framleis fjellheimen, som det har gjort den siste tida. Inn mot helga så skal det vere relativt mildt, mest truleg vil nedbøren falle som snø over sirka 1000-1100 moh. Nedbøren som kjem fredag kan fort gi fint skiføre i høgda. Enkelte plasser kan det legge seg rundt 15 cm nysnø, over eksisterande skare og nysnø frå tidlegare i veka. Altså oppskrifta på fint skiføre.

Trass i at den milde vêrtypen har sett sitt preg på snødekket, så er det framleis mykje snø, og spesielt i høgda. Enkelte nabbar og klippeutspring byrjar å verte avsmelta. Er du heldig kan du kvile deg i lyngen med ein kopp kaffi, anten på veg opp eller ned frå ein fjelltopp. Og er du ekstra heldig får du ein glytt av sol, men basert på noverande vêrmelding så er det mest aktuelt laurdag.

Frå sundag ettermiddag av skal det igjen ta seg opp med vind, frå vest-nordvestlig retning. Det vil prege snødekket i starten av neste veke, som følgje av ustabile flak i motsatte sektorar, spesielt i høgda. Lågareliggande terreng, under sirka 900 moh, vil truleg få nedbør som regn. Temperaturen skal igjen falle enda meir utover komande veke. Med dette i mente så kan ein velje seg ut toppar som kan gi fint skiføre.

Ein skilaupar på veg mot Omnatind. Melderskin, 1426 moh, i bakgrunnen. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

Grense for samanhengande skiføre:

Det varierer ein del i regionen kvar grensa går for der ein kan ta på ski er, men ein del av dei mest populære toppturfjella har ei snøgrense på rundt 400-500 moh. Snødekket vil nok bere preg av å vere litt fuktig eller attfrose, avhengig av kva dag og tid på døgnet du går.

Aktuelle skredproblem:

Mindre solinnstråling grunna ein meir overskya vêrtype vil konservere snødekket i litt større grad, i alle fall over mildvêrsgrensa. Under midlvêrsgrensa vil nedbøren falle som regn, fredag, og ein bør vere obs på våte laussnøskred og glideskred. Sistnemnte skredtype kan gi relativt store skred, så det er lurt å halde seg vekke frå bratte konveksar i terreng – typisk der snøen ligg over svaberg.

Det er også verdt å merke seg at ein har registrert kantkorna snø over skarelag mot nord, i høgda. Ein bør difor vere litt ekstra observant om ein har planar om å køyre nordvendte, og tilgrensande sider, spesielt der sola ikkje har fått jobba så mykje. Altså skuggesidene. Det skal ein del til for å løyse ut skred, men om det går skred på dette laget, så kan dei verte store. Ein kan også vente seg mindre flakdanningar mot sør som følgje av vindtransport onsdag føremiddag.

Himmelretning med best skiføre:

I skrivande stund, før snøfallet som er meldt fredag, så ligg det 5-10 cm fin og tørr laussnø i skjerma formasjonar i fjellet. Vind frå nordlig retning, i går onsdag, blåste vekk litt av snøen på ryggane og i høgda, og det har nok vore mindre flakdanningar mot sør. Snøen som fell fredag skal kome under relativt rolige vindforhold, og ein vil nok få bra skiføre som følgje av det.

Følg med www.varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger. Skredfaren endrar seg fort, og gjennom nettsidene er det mogleg å halde seg oppdatert på aktuelle skredproblem. Og! Legg gjerne inn observasjonar sjølve. Det er til stor hjelp, og vil vere med på å gjere varselet enda betre. Last ned appen “Varsomregobs” og registrer deg. Det er veldig enkelt og greit. Som eit lite apropos så treng du ikkje fylle ut alle rubrikkane i appen, og du treng ikkje vere redd for å legge informasjon på feil plass. Dei som les observasjonane veit å tolke det. Alle observasjonar vert lest, så alt er til stor hjelp.

God tur, og som alltid, vel tur etter evne!

Tekst og foto: Cato Leganger / Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.