Kor vart du av, mars, du skjønne milde?

Dei høge temperaturane som prega regionen førre veke har no vorte erstatta med nordlige og følgjeleg kaldare luftmasser.

Hardt, hardt og atter hardt.

Snørapport 01.04.2022

Dei høge temperaturane som prega regionen førre veke har no vorte erstatta med nordlige og følgjeleg kaldare luftmasser. Det fører til at det er relativt låg dagtemperatur og desto lågare nattetemperatur. For snødekket sin del, så er det bra då det fører til mindre smelting, men for skiføret sin del er det mindre bra. Det fører enkelt forklart til at overflata er knallhard i dei fleste himmelretningar og høgder.

Sjølv i solsidene mjuknar det lite opp på grunn av dei kalde luftmassane, som konserverer snødekket godt. Fjellheimen er i stor grad prega av dette. Er du heldig kan du finne nokre mjukare fokksnøflak. Mogleg mot sør-søraust, men generelt så er det skare, eller hard vindpakka snø frå topp til botn. I solsidene så kan det naturleg nok mjukne litt opp, avhengig av sola sin vinkel på snødekket. Jo lågare ned i høgde ein kjem, jo større sjanse for solpåverka og mjukare snø, men dei siste dagane så har snødekket sjølv i lågareliggande terreng vore hardt.

Dette vert nok status inn mot helga. Laurdag skal det skye litt til, samstundes som temperaturane skal holde seg relativt låge. Frå sundag av så skal det falle snø, noko som det er behov for no. Truleg vil nysnøgrensa gå mellom 400-600 moh. Vi er inne i ein relativt stabil vêrsituasjon, i alle fall med omsyn til temperatur. Basert på vêrmeldinga så ser det ikkje ut til at vi får dei vårlege temperaturane igjen på ei lita stund. Vi får håpe det snur inn mot påskeveka.

På veg mot Hestabotnpynten ein vårdag for nokre år sidan. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

Grense for samanhengande skiføre:

Det varierer ein del i regionen kvar grensa går for der ein kan ta på ski er, men ein del av dei mest populære toppturfjella har ei snøgrense på rundt 400-500 moh. Enkelte himmelretningar er av smelta relativt høgt opp, gjerne på ryggar mot sør og tilgrensande sektorar

Aktuelle skredproblem:

Vi er inne i ein stabil skredsituasjon der det ikkje er veldig mange tydelege skredproblem. Det største faremomentet i dag er moglegvis faren for utgliding på den harde snøoverflata. Skal du på ski, så bør du ha med skarejern eller stegjern. Eventuelt ei lita isøks. Sklir du ut, får du stor fart på kort tid. Det å treffe ein stein eller falle utfor anna terrengfelle er særs lite gunstig.

Som tidlegare meldt så kan det ligge eit kantkornlag mot nord og dels tilgrensande sektor, men det er i utgangspunktet godt beskytta av overliggande skare. Det er likevel verdt å vere obs på om du skal inn i formasjonar som ligg undersolt, og du bør vere ekstra varsam der snødekket er tynnare.

Himmelretning med best skiføre:

Fjellheimen er prega av den harde overflata. Det er størst sjanse å finne ok skiføre mot sør, og gjerne litt utpå dagen når sola har fått stått på ei stund. Vest-nordvest og nordaust vendte sider er gjerne litt undersolte, og vert nok i liten grad oppvarma av sola pga. vinkelen på snødekket. Du kan nok finne litt mjukare snø lågare nede, men det er truleg ikkje det heilt store uansett.

Følg med www.varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger. Skredfaren kan endre seg fort, og gjennom nettsidene er det mogleg å halde seg oppdatert på aktuelle skredproblem. Og! Legg gjerne inn observasjonar sjølve. Det er til stor hjelp, og vil vere med på å gjere varselet enda betre. Last ned appen “Varsomregobs” og registrer deg. Det er veldig enkelt og greit. Som eit lite apropos så treng du ikkje fylle ut alle rubrikkane i appen, og du treng ikkje vere redd for å legge informasjon på feil plass. Dei som les observasjonane veit å tolke det. Alle observasjonar vert lest, så alt er til stor hjelp.

God tur, og som alltid, vel tur etter evne!

Tekst og foto: Cato Leganger / Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.