Og der var april forbi!

Det kjennes mest ut som det nett var januar. Tid går fort!

Våren har verkeleg sett sitt preg på fjellheimen. I solsidene har snøen meir eller mindre vorte smelteomvandla, medan det i nordsidene er litt forsinkelse på smeltinga. Det gir rom for mykje fin skikøyring! Det vil vere skiføre i lang tid enda, for dei som framleis held fast i det siste snev av vinteraktivitet. Men som synet ber prov om, så trekker snøgrensa seg høgare og høgare opp, spesielt i dei solsidene. Etter kvart som våren skrider fram er det også naturleg å søke nye plassar på ski, gjerne innover mot Folgefonna, og ikkje minst på Folgefonna. Sistnemnte er for ein vårklassikar å rekne, altså Folgefonna på langs på ski. Eventuelt Folgefonna på kryss og tvers. Det er mange variantar og moglegheiter for fine vårskiturar på fonna. Eigentleg er det berre å finne ein oppgang til breplatået som er fornuftig med omsyn til skredfare og sprekkene i breen.

For mange er det å gå opp til Fonnabu via Keiserstien i Sundal eit naturleg val. Meir om det lengre nede. Men andre alternativ er å køyre til Godalen og gå frå der, eventuelt kan du gå heile Folgefonna frå sumarskisenteret i Jondal via ein eller fleire av hyttene i randen av breen. Det er mange variantar, og fleire enn dei som er nemnt her. Felles for alle er at dei gir prima vårskitur fordelt over eit par dagar, spesielt om du vel å gå i slutten av april og utover i starten av mai.

På veg over Folgefonna, sørover mot Rosendal. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

Om du ikkje vil- eller kjenner deg erfaren nok til å gå denne turen på eiga hand, eller i saman med kjente og kjære, så er det fleire aktørar som tilbyr turen. Mellom anna tilbyr Kvinnherad turlag turen denne helga, med utgangspunkt frå Godalen, med overnatting på den flotte DNT-hytta Fonnabu, før ein set kursen sørover mot Rosendal. Det er på det næraste for ei dannelsesreisa å rekne. For informasjon om turen så kan ein ta ein kikk på Kvinnherad Turlag sine nettsider. I skrivande stund ser turen ut til å vere fullteikna, men det er kanskje verdt å legge seg på minnet til ein anna gang. Om du legger ut på tur aleine, så forutsetter det eit visst dugleiksnivå. Du er på ein bre, snødekt sådan, du er høgt til fjells og vêret kan snu fort. Men om du innehar rett kompetanse og erfaring så er dette ein framifrå skitur! Du kan gjerne overnatte på hytter, men om du orkar så er det vel så fint å overnatte i telt.

Solnedgangen ved randen av Folgefonna er framifrå. Her frå ein teltplass ved den vetle hytta Breidablikk. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

Men korleis er skiføret i fjellheimen for tida?

Torsdag og fredag er det litt lågare temperatur samanlikna med føregåande dagar, men i helga skal temperaturen opp igjen, noko som igjen vil gi fare for våte laussnøskred. Men det er framleis mykje snø i fjellet, og etter kvart som ulike anleggsvegar opnar opp, så vil nye område verte tilgjengeleg for ferdsel, gjerne innover Blådalen.

Det er framleis mykje god skikøyring i vente for dei som ynskjer det. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

Grense for samanhengande skiføre:

Det varierer ein del i regionen kor grensa for kor du kan ta på ski er, men i ein del himmelretningar kan du ta på deg skia ved tregrensa, men ver obs på variasjon. For dei som til dømes skal gå over Folgefonna via Fonnabu, så kan ein truleg ta på seg skia i dei øvste svingane på Keiserstien, men det er litt bare parti enkelte plasser vidare.

Aktuelle skredproblem:

Det er per i dag relativt gunstige forhold i fjellet, og det mest aktuelle skredproblemet er knytt til våte laussnøskred, spesielt i solvendte sider. Faren for våte skred er litt mindre i nordvendt sektor, høgare i terrenget. Altså over rundt 1100 moh. Ver også obs på at sjølv små skred kan gi store konsekvensar om du ferdes i eksponert terreng. Glidesprekker og skavlar er også faremoment som ein bør ha i mente. Hugs på å hold tilstrekkeleg avstand til disse. Merk at skavlar gjerne kan brekke av 45 grader innover.

Himmelretning med best skiføre:

Det er typisk vår i fjellet. Det gir gjerne ein situasjon der snødekket hardt på morgonen, men tinar utover dagen. Dette scenarioet er naturleg nok avhengig av temperatur. Torsdag og fredag denne veka, så vil nok det vere hard overflate relativt langt ned, men gjennom helga går temperaturen litt opp, og grensa for skare tidleg på dag vil gå høgare i terrenget. Om du timer nedkøyringa di rett så kan du difor få superfin sløsjkøyring! Er du for tidleg ute, så er snødekket framleis hardt, men er du for seint ute så er snøen typisk altfor blaut, og følgjeleg vert det dårleg skiføre. Det er litt avhengig av solpåvirkinga den aktuelle dagen, men i sørsidene kan ein gjerne finne fint skiføre i 12-13 tida. Då er ofte snøen passeleg mjuk. I vest og nordvest vil det finaste skiføre vere litt seinare på dag, så her er det rom for å leike seg.

Følg med www.varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger.

God tur, og vel tur etter evne!

Tekst og foto: Cato Leganger / Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.