Påske, sol (?!), appelsin og ski.

Påsken er like om hjørna, og omsider byrjar vi å få eit litt varmare drag i luft

Påsken er like om hjørna, og omsider byrjar vi å få eit litt varmare drag i lufta. Men april månad er lunefull. Det har han alltid vore. Like fort som det er sol, varmt og vi er balsamerte med solkrem frå topp til tå, så kan det snu og vi må på med ullklede og dun, samt finne fram våre breiaste pudderplankar. Det siste er jo ikkje å forakte. Sjølv om påske nærmar seg, og sola tek litt meir, så snur det fort i fjellet. Vi kan framleis få gode mengder med snø. Det er viktig å hugse på. Det er viktig å tenke på når ein pakkar sekken, men også viktig med omsyn til skredfaren. Det er fort gjort å gløyme seg litt ut. Det meste vert litt enklare når det er varmare i lufta og vi kan kaste av oss dunjakka og kjenne eimen av utsveitta solkrem. Kanskje tek vi litt lettare på risikovurderingane når det vårast? Den kalde og skarpe vinterlufta kan moglegvis ha motsett effekt og gjere oss litt meir på vakt. Den kalde vinteren er gjerne litt mindre gjestmild enn den behagelege våren og følgjeleg senker vi guarden litt. Det er ekstremt viktig å ha i mente at i fjellet er det framleis vinter!

Framleis mykje snø

Forholda i fjellheimen er per i dag bra. Med det meiner eg at det finnes mykje god snø å køyre på ski i. Det varierer naturleg nok litt, og det kan fort endre seg litt inn mot helga då det er meldt litt vind, spesielt i høgda. På onsdag låg det 20—25 cm ubunden snø i formasjonar mot vest, nordvest og aust. Godt mogleg i alle himmelretningar. Snødekket barpreg av å vere dels vindpåverka, mest vindpakka mjuk, spesielt der vinden har fått jobba. På ryggane var det stadvis avblåst til nedpå den gamle smeltepakken.

Inn mot helga er det meldt klarvêr, før det skal kome noko nedbør og litt vind utover laurdag og sundag. Vindretninga skal vere litt variabel, men den sterkaste vinden skal blåse frå nordvest, så den vil nok byrje å flytte på snø, frå nemnte himmelretning og inn i motsette sektorar. Enkelte formasjonar vil nok ligge relativt urørt, så det gjelder å finne dei for å finne så god skikøyring som mogleg. Utover påskeveka skal både vind og nedbør avta, og vi får håpe sola kikar fram.

Mange alternativ for tur

Kvinnherad, og for øvrig områda rundt, har mange turalternativ å by på. Det gjeld både på fjellski og på alpine turski, snøbrett eller kva utstyr du vel å feste på beina. For Rosendal sin del så er inngangsporten til fjellheimen anten Myrdal eller Muradalen. Sistnemnte er eit prima utgangspunkt for turar til Andersfjell, Bjørndalstindane, eller for så vidt Omnatind med fleire. Det er ofte færre folk via Andersfjell. Eventuelt, om du vil andre plassar enn Rosendal, så er Geitadalstind i Uskedalen eit særs fint fjell! Eit anna fjell er Gygrastol på Ænes. Felles for alle er at det er godt med snø. Kva fjell du vel å legge turen til er opp til deg, men ver nøye i planlegginga di. Ta innover deg terrenget du skal inn i, vurder skredfaren og gjer gode vurderingar, både opp og ned. Hugs på at det er rikeleg med god skikøyring i terreng som er slakare enn 30 grader bratt.

Ein fin vårdag i Vetle-Laurdal, like ved Andersfjell. Det er fort gjort å døse av etter ein lang dag i fjellet. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

Grense for samanhengande skiføre:

Det varierer ein del i regionen kor grensa for kor du kan ta på ski er, men rundt 400 moh er nok det snø å finne. For til dømes Myrdal, inngangsporten til ”Rosendalsalpane”, så finner du skiføre frå parkeringa ved Myrdalsvatnet. Mest truleg kan du køyre like inn til vatnet, men det er litt avhengig av mengde nysnø som fell i helga.

Aktuelle skredproblem:

Skredsituasjonen er per i dag litt usikker. Inn mot helga vil vi nok ha ein del fokksnøproblematikk, men det er avhengig av vinden som er meldt slår til. I tillegg er det observert rim/kantkorn over skarelaget. For regionen er det litt usikker utbreiing av dette, men ein kan ha det i mente at det kan finnes. Mest truleg i skjerma formasjonar mot nord og tilgrensande sektor, men som sagt, det er usikkert.

I solsidene, om det kjem sol eller er tilstrekkeleg nok oppvarming, så er våte laussnøskred mest aktuelt.

Himmelretning med best skiføre:

Det finnes nok god snø i dei fleste himmelretningar, spesielt i litt skjerma formasjonar, men også på ein del større flankar. Onsdag var det prima skiføre mot vest, nordvest og nord-nordaust. Det er meldt varierande vindretning dei neste dagane, men primært frå nordvest. Det vil nok endre konsistensen litt.

Følg med www.varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger. Det er framleis vinterlege forhold, og skredfaren kan endre seg raskt.

God tur, ha margin, og vel tur etter evne!

Tekst og foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.