Påskesløsj til middag og ein kvikk lunsj til dessert

Det er jo framleis mykje vinter i fjellet, og for dei aller ivrigaste så vil topptursesongen halde fram i fleire månadar enda.

Påskehelga ligger framføre oss, og mogleg er det mange som vurderer å ta seg ein tur, både til fots og på ski, med appelsin, kvikk lunsj og kakao i sekken.

Det er jo framleis mykje vinter i fjellet, og for dei aller ivrigaste så vil topptursesongen halde fram i fleire månadar enda. Temperaturane har den siste månaden variert ein del, slik våren ofte pleier å vere. Helga som står føre oss har tilsynelatande eit mildare drag over seg. Kanskje vi omsider får litt stabilt vårvêr?

Det ligger mykje snø i fjellet, litt varierande kva himmelretning du bevegar deg i. Inn mot påskedagane er det meldt litt nedbør, samt ein del vind, spesielt onsdag. Det er relativt høge dagtemperaturar, men torsdag og fredag gir også låg nattetemperatur. Det gir tining på dagtid, og attfrysing på natta. Det fører til at snødekket gjerne er hardt på morgonen, men mjuknar opp utover dagen, raskast i solsidene. For skikøyrarar betyr dette ”solleiken”. Altså å berekne nedkøyringa når snødekket er akkurat passeleg mjukt. Er du for tidleg ute, så er det brytande skare, men er du for seint ute så er typisk snødekket så metta av vatn at det luggar. Er du heldig så får du servert perfekt ”påskesløsj” til middag.

For dei som bur i- eller vitjar Kvinnherad, så er det mange turalternativ, både til fots og på ski. Kommunen er langstrakt, og anten du har tankar om å gå på ski til Ulvanåso frå Utåker, gå til Geitadalstind i Uskedalen, til Omnatind i Rosendal, Gygrastol på Ænes eller til Fonnabu i Mauranger så er fellesnemnaren at du kan finne fin skikøyring, framifrå utsikt og vakker soloppgang eller solnedgang, avhengig av når du tenker å gå. Har du tid så går det jo an å overnatte, anten under open himmel eller i telt. Då får du i ”pose og sekk”, og det er få ting som er så fint som å vakne i fjellet til lyden av ein bekk som klukkar, ein fugl som kvitrar eller ein av skogens dyr som tuslar forbi.

Frå ein føringstur til Omnatind førre helg. April kan by på både sol og t-skjorte temperaturar, men også kuling, snøfokk og skodde. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

April er, som tidlegare skildra, lunefull. Sjølv om det er vår, så kan vêret snu fort i fjellet. Hugs på å ha tilstrekkeleg med utstyr i sekken og snu i tide. Det er mykje erfaring og lærdom i å snu. Sjølv om du ikkje når toppen, så er det ofte mykje fin skikøyring i lågareliggande terreng. Vêret og skredfaren kan endre seg fort, sjølv om det vårast i fjellet. Ha alltid med deg tilstrekkeleg utstyr i sekken, og ikkje minst ha rådet ”Snu i tide” i mente.

Når uværet herjar i fjellet, så er det fint å trekke ned mot skogen. Bilete frå Nipeskar førre helg. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

Grense for samanhengande skiføre:

Det varierer ein del i regionen kor grensa for kor du kan ta på ski er, men rundt 400-500 moh er nok det snø å finne. For til dømes Myrdal, inngangsporten til ”Rosendalsalpane”, så finner du skiføre frå parkeringa ved Myrdalsvatnet. Mest truleg kan du køyre like inn til vatnet, i alle fall om du har gode dekk. Vegen vert truleg bar, eller relativt bar disse dagane.

Aktuelle skredproblem:

Per i dag så vil nok skredfaren vere knytt til våte laussnøskred og våte flakskred som følgje av dei milde temperaturane på dagtid. Dei våte flakskreda har størst farepotensiale, spesielt om dei lausnar på det vedvarande svake laget nede i snødekket. Sjå under. I høgda mot nordvest, truleg over 1100-1200 moh, så vil ein nok ha fersk fokksnø. Hald også avstand til skavlar i fjellet. Mange av dei vanlegaste turmåla har ein del skavlar rundt seg. Ver obs på at skavlar gjerne bryter 45 grader innover.

Det ligger eit vedvarande svakt lag av kantkorn nede i snødekket, under eit bærande skarelag. Enkelte plasser i regionen kan dette laget ligger over skaren. Hugs på at ein lettare kan ”trigge” disse laga der snødekket er tynt, altså på- eller i nærleiken av ryggar og konveksar i terrenget.

Himmelretning med best skiføre:

Det har vore veldig fint skiføre den siste tida, spesielt i ytre del av regionen. Altså for Kvinnherad sin del. I skrivande stund regnar det høgt til fjells, nokosom vil fukte snødekket opptil mildvêrsgrensa. Med vêrmeldingane for den neste tida i tankane, så vil ein då få attfyrsing på natta, men tining på dagen. Ein kan difor få fint sløsjføre, om ein bereknar nedkøyringa si. I høgda vil ein nok finne tørrare snø, men for å finne det må ein truleg over 1000-1100+ moh, mogleg høgare.

Følg med www.varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger.

God tur, god påske, og vel tur etter evne!

Tekst og foto: Cato Leganger / Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.