Rosendalsalpane og Fjellhaugen

Vi er inne i ei periode der dei fleste med interesse for ski har gode dagar!

Ein prima dag på Hestabotnpynten. I bakgrunnen ser du Melderskin, Omnatind, Bjørndalstindane og Juklavasstinden. Foto: Cato Leganger/Rosendal fjellsport.

Status per 17.02.2022

Eg skal glatt vedgå at eg er over gjennomsnittet glad i snø og is. Regn og vind har ikkje den same balsamerande effekten på sjela som snø, og desember og januar sette delvis tålmodet på prøve. Lukkelegvis kom vinteren i gang, om enn litt seint.

Vi er inne i ei periode der dei fleste med interesse for ski har gode dagar. Den siste tida har det meir eller mindre dagleg lagt seg eit solid dryss med snø i fjellheimen vår, noko som har ført til at alle dei velkjende toppane i området har godt skiføre. Enkelte fjell har litt meir variert føre i starten grunna deira lokalisering, til dømes Gygrastol og Andersfjell. Toppane som utgjer kjerna av Rosendalsalpane har flott skiføre, det same gjeld området innover mot Blådalen. Det fører til at så lenge du har kontroll på skredfaren, så kan du per dags dato få supre forhold.

Skiløperar på veg ned frå Omnatind mot Øvre Myrdal. Ein sjeldan fin dag! Foto: Cato Leganger/Rosendal fjellsport

Rosendalsalpane og Fjellhaugen

Lokalt er det gjerne toppane rundt Omnatind som lokkar til seg flest skituristar, samt dei litt mindre toppane rundt Fjellhaugen skisenter. Felles for dei alle er at det har lagt seg ei solid mengde med snø i terrenget. Men hugs på at sjølv om det er mange skispor i området, eller du er på ein topp av mindre høgde, så kan det gå skred så lenge du er i- eller i tilstrekkeleg nærleik til skredterreng. Erfaringsmessig så er det mange skikøyrarar som køyrer på gamal vane, så gjer sjølv fornuftige og gjennomtenkte val, både opp og ned. I begge situasjonar, altså på oppturen og nedturen, er det særs ugunstig å verte tatt av skred, men kanskje spesielt på vegen opp når du har på feller, hælen er laus og de går gjerne meir samla. Då tek det lengre tid å kome seg vekk, enn om du har skia i køyremodus på veg ned.

Bilete av Laurdalstind, til venstre, og Andersfjell sett frå bygda. Spesielt Andersfjell er eit særs fint toppturfjell. Foto: Cato Leganger/Rosendal fjellsport

Samahengande skiføre frå høgde:

For Rosendalsalpane, med inngangsport i Myrdal, så kan du ta på deg ski med ein gang. For Fjellhaugen så er parkeringsplassane ved skisenteret eit godt utgangspunkt.

Himmelretning med best skiføre:

I skrivande stund så byr alle himmelretningane på godt skiføre. Mykje snø i kombinasjon med vind frå ulike retningar har transportert snø inn i dei fleste henga, og eventuell vind og nedbør dei komande dagane avgjer korleis det vert gjennom helga.

Primært skredproblem:

I skrivande stund så må du handtere det som er det vanlegaste skredproblemet: Fokksnø. Men hugs på at det kan vere lokale variasjonar.

Det ligg mykje ubunden snø i terrenget. Denne snøen byrjar å flytte på seg om vinden når ein viss hastigheit. Akkurat no er det relativt rolege vindforhold, men vêrmeldinga melder ein del vind i høgda, frå vestleg retning. Noko som fører til fokksnøflak i austlege og tilgrensande himmelretningar.

Eit godt tips er at om du ser det føyker snø, så ver obs på om du beveger deg inn i heng der snøen legg seg opp. Flak beståande av vindtransportert snø er lettast å løyse ut under og kort tid etter vind, avhengig av ein del faktorar.

Hugs på at skredfaren kan endre seg fort. Følg med på varselet for region Hardanger, men hugs også på at det er ditt ansvar å vite kvifor det er trygt akkurat der du skal.

Ha ein god og trygg tur!

Tekst og bilete: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.