Våren er her!

Mars er den fyrste vårmånaden, og så langt innfrir den med høgare temperatur og meir sol.

Førerapport 10.03.2022

Mars er den fyrste vårmånaden, og så langt innfrir den med høgare temperatur og meir sol. Det er få ting som slår lange, ljose dagar i fjellet, der sola varmar godt.

Den siste tida har det vore ein stabil vêrsituasjon. Det har vore lite nedbør, ein del sol og innslag av vind. Sistnemnte er jo ikkje overraskande med omsyn til korleis vêret har vore i vinter. Det er ikkje så mykje endring i snømengd sidan førre rapport, anna enn at det har blese vekk ein del snø på utsette formasjonar, samt smelta litt i låglandet. Opp til skoggrensa bere snødekket preg av skare, og no når sola får tak, så vil ein få prosessar med smelting og att frysing, avhengig av tid på døgeret. I høgda er det varierande vindpåverka. Enkelte plassar er ryggane avblåst til nedpå lyngen eller skare, medan det andre plasser er i større grad berande fokksnø. I formasjonar mot nord-nordaust og til dels aust, kan det ligge lommer av lausare snø.

Avhengig av temperatur og utstråling, så kan ein også få endring av konsistensen i det øvste laget av snøpakken, det som vert kalla “resirkulert pudder”. Då er det prosessar som byrjar å smuldre opp eksisterande snøpakke, og det som var hardt underlag kan etter kvart ta form som lause og fine kantkorn. Då singlar det fint når du set ein sving. Men det forutset kaldt og klart vêr over tid.

Utsikt frå Omnen mot Melderskin. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport.

Solleiken

No når det byrjar å vårast, er snødekket utsett for tine og fryse prosessar. I solsidene mjuknar snøen opp utover dagen, avhengig av mellom anna temperatur og solinnstråling, og når natta fell på og temperaturen går ned, frys det til igjen. Litt enkelt forklart der altså. Men då er det typisk hardt på morgonen, men mjukt på ettermiddagen. For skikøyrarar kan det gjerne kallast ”solleiken”. Då handlar det om å treffe når snøen er akkurat passe oppvarma. Er den for blaut, vert det ofte lugging og redusert skiføre, men er du for tidleg ute, så er overflata dekka av skare. Men treff du perfekt, så får du tett på det beste skiføret du kan tenke deg.

Ei anna side ved dette er at skredfaren aukar utover dagen. Jo seinare på dag du kjem, jo større er skredfaren. Det å opphalde seg i bratte solvendte sider, i- eller under klipper, er ikkje så lurt. Sjølv små skred kan slå deg ut av balanse, og er du i terreng du ikkje bør falle, så kan konsekvensane sjølv ved små skred verte store. Difor må ein alltid gjere gode og gjennomtenkte val, både opp og ned.

Følg med www.varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger. Vêret og snøskredfaren endrar seg raskt. Som alltid så må du ha kunnskap og dugleik om du skal ferdes i skredterreng; lausneområder eller utløpssoner for skred.

Neste veke vert det førerapport, ispedd turforslag til eit av dei finaste toppturfjella i området: Hestabotnpynten.

God tur, og som alltid: Vel tur etter evne!

Tekst og foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.