Vinter, sol og snø

Endeleg fekk vi litt etterlengta godvêr!

Førre veke var det ein litt roligare vêrsituasjon i forhold til tidlegare i vinter, spesielt med omsyn til nedbør. I tillegg har det vore relativt mildt, og det har vore ein del vind, frå søraustleg retning. At det har vore vind er ikkje noko som bør overraske nokon då det har vore ein gjengangar så langt i vinter. Vind fører til ein vindpåverka snøpakke.

Under skoggrensa er snøen meir smeltepåverka, noko som fører til skare, spesielt i skuggesidene og tidleg på dag. I solsidene, mot sør og tilgrensande sektorar, så kan dette smelte litt utpå dagen, avhengig av innstråling. Det kan føre til at trass i at det er hardt når du går opp tidleg på dag, så kan det ha smelta litt til du er på returen, men sola tek ikkje skikkeleg enda, så det er nok avhengig av fleire faktorar som til dømes lufttemperatur.

Over skoggrensa er det i større grad vindpåverka. Det fører til at det kan vere avblåst på ryggar og konveksar i terrenget slik at skaren er framme. Der vinden har lagt opp fokksnøflak, altså der vinden har transportert inn snø i leformasjonar, mot nordvest og tilgrensande himmelretningar, så har ein i større grad vindpåverka overflate, frå vindpakka mjuk til bærande fokksnø. Noko som eigentleg er fint skiføre. Det er varierande kva himmelretning som er påverka, avhengig av kor du er i regionen. Ein kan også finne formasjonar med meir ubunden snø, altså laussnø. Det finner ein i formasjonar som har lege skjerma frå vindtransport. Herskande vindretning, topografien og lokale vindeffektar er med å på å avgjere kor disse vedunderlege lommene er å finne. Det er berre å leite.

Lokale skisvingarar på veg ned frå Omnen mot Vetle-Laurdal. Nordre og Heimste Bjørndalstind i bakgrunnen. Foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Grense for samanhengande skiføre: Ein kan stort sett ta på seg skia lågt nede i terrenget. Til dømes om du skal til Omnatind. Her kan du ta på deg skia på skogsvegen, ganske langt ”heime” i dalen, på rundt 200 moh. Unntaket for skiføre frå starten av ruta er på dei mest fjordnære fjella. Her må ein gå litt med skia på sekken. Dette kan til dømes vere Gygrastol.

Himmelretning med best skiføre: Det er godt med snø i alle himmelretningar. Det er mogleg å finne ubunden snø, men då må ein leite i formasjonar som ikkje er prega av vinden. Eit tips kan vere i austlege beskytta formasjonar, men lokale vindeffektar, høgde over havet osb, spelar inn med omsyn til kor ein kan finne laussnø.

Primært skredproblem: Per i dag er det relativt stabile forhold, men her er det viktig å legge trykk på ”relativt”. Det er ikkje nødvendigvis eintydig med at dette er helga for stupkøyring. Snø og skredfare er for komplekst til at ein kan gi svar på den slags. Det må du sjølv ha kompetanse til å vurdere. Fokksnøflaka, som vart etablert for nokre dagar sidan, har stabilisert seg noko lunde, men merk at det i skuggesidene, der temperaturen gjerne er lågare, så går stabiliseringa saktare. Til dømes mot nord og tilgrensande skjerma formasjonar.

I det siste har vi hatt klarvêr, og i fjellet har det vore kaldt. Om det er fuktigheit nede i snødekket, noko det er som følgje av mildvêr for halvanna veke sidan, så kan ein få sett i gang prosessar nede i snøpakken. Då kan det dannast kantkorn. Disse korna kan danne svake lag nede i snødekket, det som kallas vedvarande svake lag. Om du lurer på kva det betyr, så er Snøskredskulen på www.varsom.no ein god stad å hente kunnskap. Laget er observert i regionen, men då under eit tjukt skarelag. Utbreiinga er litt usikker.

Følg med www.varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger. Vêret og snøskredfaren endrar seg raskt. Som alltid så må du ha kunnskap og dugleik om du skal ferdes i skredterreng; lausneområder eller utløpssoner for skred.

God tur, og som alltid: Vel tur etter evne!

Tekst og foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.