Det er mange moglegheiter for dei som ynskjer å nytte og nyte snøen i ferien!

Vinterferie

I norrøn mytologi varslar Fimbulvinter om Ragnarok, og er i følgje mytologien ein ekstra hard vinter. Som kjent er Ragnarok endetida, der mellom anna eit stort slag skal stå, og der dei fleste av dei mest kjente norrøne gudane dreg til Valhall. Vinteren vi har over oss er snørik med mykje vêr, både vind, regn og snø. I gamle tider ville nok slike tider ha gitt grobotn for ulike spekulasjonar. På den tida hadde dei rett nok andre utfordringar enn vi har i dag, og dei hadde nok ikkje tid til å glede seg over ein overskotsaktivitet som det skikøyring er, om dei i det heile hadde råd til eit par ski.

Det er nok ikkje sjølvaste Fimbulvinter som har kome, så at Ragnarok er like om hjørna er vel heller tvilsamt. Men det er mykje som skjer nedover på kontinentet i disse tider, i regi ein krigshissig russar som truleg sit godt planta i sitt eige ekkokammer, godt skjerma frå all fornuft, men med eit ynskje om å verte etsa inn i historiebøkene. Dog, med negativt forteikn. Når skal vi dra lærdom av historie? Einstein definerte vel galskap i retning av: ”Å gjere det same om att og om att og forventa eit heilt anna resultat”. Verda er prega av mykje galskap.

Dei, anten det er Putin, Biden eller andre, burde teke seg ein tur ut i naturen, kjent lukta av furuved, fyrt eit bål, drukke litt kaffi, kikka på stjernene, kjent den friske vinterlufta, fylle lungene og lat samtalane om den store evigheita erstatte krigshissing og all anna grådigheit og maktbegjær.

Kanskje dei kunne lagt turen til Sunnhordland og Hardanger? Kanskje til Uskedalen, Rosendal, Røldal eller anna stad? Eg har trua på at dei her kunne funne fred, både indre og ytre fred som sådan. Kanskje dei treng ein vinterferie dei også?

Fjellhaugen skisenter

Det er mange moglegheiter for dei som ynskjer å nytte og nyte snøen i ferien. Denne teksten skal jo formidle opplevingar knytt til nettopp dette. Snø og ski, eller eventuelt snøbrett, truger, akebrett eller kva framkomstmiddel du måtte føretrekka. Innleiinga her får stå som ein liten avsporing.

Så kva kan ein finne på her i området? Skisenteret i Fjellhaugen er ein fantastisk arena med mange tilbod. Det ligger knappe 25 minutter med køyring frå Rosendal som utgangspunkt. Her er det skitrekk for både vaksne og born. Det er langrennsløyper og turløyper, og nyleg opna turhytta Fagnabu, eit mål i seg sjølv. For å sjå kva Fjellhaugen skisenter har å tilby, gå inn på nettsida: www.fjellhaugen.no

På veg mot Ingahogg. Det er ikkje kvar tur som byr på sol og varme, men alt har sin sjarm. Foto: Cato Leganger/Rosendal fjellsport

Ein dag eller to i Fjellhaugen kan også kombinerast med topptur. Ingahogg er ein klassika og kan by på mange fine nedkøyringar. Fjellet er godt besøkt, både kvardag og helg. Det er viktig å understreke at sjølv om det er mange folk som går her så må ein gjere bevisste val, spesielt om ein oppsøker nokre av dei vanlegaste nedfartane mot Nautavatnet eller ned Fuglaskard. Mange skispor er ikkje synonymt med trygge forhold. I tillegg er det andre toppar ein kan gå på. Bruk synet og fornufta. Det treng ikkje vere så ekstremt bratt eller langt for at det skal vere ein fin tur. Det å køyre uspora pudder i nokre hundre høgdemeter er vel verdt nokre sveittedropar, lagt att i bakken på veg opp.

Ein av mange nedkøyringar frå Ingahogg. Laussnø er verkeleg god medisin for det meste i livet. Foto: Cato Leganger/Rosendal fjellsport

Røldal –Eit puddermekka

Det er heller ikkje langt til skisenteret i Røldal. Her får ein skikøyring i det som er eit av landets beste og mest snøsikre skianlegg. Absolutt ikkje inhabil her altså. Med utgangspunkt i Rosendal så tek det sirka ein time og femten minutt før du kan parkere bilen på parkeringsplassen ved skisenteret. Også her er det fine turløyper, samt framifrå langrennstilhøve på Seljestad.

Også Røldal skisenter har fine avstikkarar om du har med deg skifeller. Noko så enkelt som ein avstikkar opp til varden på Elvershei, 1374 moh, gir flott utsikt og ikkje minst litt ro om det er mange folk i skisenteret. Det å sitje her med sola i andletet og nyte nista, det er ei god oppleving. Eller kanskje du føretrekker ein lengre tur til Reinsnosi? Poenget er uansett at det treng ikkje vere så lange turen for at det skal vere fint.

På ryggen mellom Andersfjell og Heimste Bjørndalstind. Foto: Cato Leganger/Rosendal fjellsport

Topptur

Ferie er også ofte synonymt med ein topptur og to. I alle fall for meg. Det er nok av fine turar å velje i, både i ytre del og indre del av Hardanger. Geitadalstind i Uskedalen? Omnatind eller Andersfjell i Rosendal? Nordlifjell eller Skeisfjell? Lista er lang. Har du kontroll på skredfaren og terrenget du skal inn i, så er det eigentleg berre å velje seg ein topp. Meir om snøforholda lengre nede her, men vi kan ta ein kort introduksjon av eitt av dei overnemnde fjella:

Andersfjell

Dette er ein litt undervurdert topptur. Fjellet er mindre besøkt enn t.d. Omnatind, og det er litt rart då dette er ein særs flott tur med nydeleg utsikt både opp og ned. Så sant vêret er godt, men det gjeld jo alle turar. Du kan også kombinere turen med å legge ruta via andre toppar i nærleiken, avhengig av dugleik på ski og fysisk form, og ikkje minst kunnskap om å ferdes i skredterreng. Turen kan mellom anna kombinerast med å legge ruta via toppar som til dømes Heimste Bjørndalstind eller Omnen. Dette er korte avstikkarar med utgangspunkt frå varden på Andersfjell, og som gir ein ekstra dimensjon til turen.

Vanleg rute går opp frå Muradalen, via elva til Reppa. Ein kan følgje stien/sumarruta. Vegen vidare går litt til høgre via ryggen som etter kvart tek deg bort mot den store flanken opp mot varden. Ver obs i skodde. Det er fort gjort å gå seg vill, og det er mange bratte skrentar mot sør-søraust. Det er også mogleg å legge ruta opp via Vetle Laurdal, men då går du gjennom tydelige utløpssoner for skred. Denne ruta er såleis ikkje å tilrå før godt utpå våren.

Tidsbruk: 4-6 timar.

Høgde: 1211 moh

Start: Muradalen .

Det er parkeringsplass ved inngangen av dalen. Då er det nokre hundre meter å gå på flat grusveg før du tek av på stien.

Utsikta frå Andersfjell er framifrå. Eg vil anta at ein tur hit ville ha ført til lågare blodtrykk for både Putin og Biden, og kanskje det kunne ha hindra ein større konflikt søraust på kontinentet. Foto: Cato Leganger/Rosendal fjellsport

Snørapport 24.02.2022

Vi har fått mykje snø den siste månaden, og i kombinasjon med vind frå varierande vindretning, så har alle himmelretningar godt skiføre. Det skal ikkje stå på mengde snø.

Onsdag slo det inn eit mildvêr som gav regn opp til sirka 900 moh. Det gav forbigåande stor snøskredfare. Lågare temperaturar inn mot helga vil føre til at deler av snødekket stabiliserer seg litt, men som vanleg vert det ikkje rolege forhold i lang tid. I skrivande stund, torsdag kveld, er det sørvestlig stiv til sterk kuling. Dette fører til pålagring mot nord-nordaust og følgjeleg ustabile fokksnøflak. Ver obs på dreiande vindretning. Det er meldt litt roligare vindforhold fredag, men vinden skal ta seg opp gjennom helga.

Vêret og snøskredfaren endrar seg raskt. Som alltid så må du ha kunnskap og dugleik om du skal ferdes i skredterreng; lausneområder eller utløpssoner for skred.

Samanhengande skiføre: Frå omlag 300 moh. Dei meste kjente toppane for topptur har noko lunde skiføre frå starten av. Unntaket er dei meir fjordnære fjella som til dømes Gygrastol og Andersfjell.

Himmelretning med best skiføre: Det er godt med snø i alle himmelretningar. Det er mogleg å finne ubunden snø, men det er avhengig av topografien og kva dag du vel å gå tur.

Primært skredproblem: Ustabile fokksnøflak. Ver obs på varierande vindretning. Problemet kan vere aktuelt i fleire himmelretning avhengig av kva dag du vel å gå tur.

Følg med www.varsom.no/Hardanger for skredvarsel for region Hardanger.

Som eit ekstra lite tips, om du har lyst til å lære meir om snø, snøskred og ferdsel i skredterreng, så kan du melde deg på eit kurs. Det er mange kompetente tilbyderar av skredkurs. Om du ikkje har tid eller lyst til det, så er snøskredskulen på www.varsom.no/snoskredskolen ein god stad å byrje. Innhaldet her er utforma av særs kompetente folk med langs fartstid i fjellet.

God tur, og vel tur etter evne!

Tekst og foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport

Relevante arrangementer

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.

Relaterte overnattingssteder

No items found.