Baroniet Rosendal

Historisk Baroni, hage, park og hagekafé

Rosendal Have

Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt sitt vesle slott frå 1660-åra er omgjeven av eit vakkert og historisk hageanlegg med renessansehage, romantisk landskapspark og kjøkenhage. Frå Rosendals Have er det flott utsyn mot Malmangernuten, Melderskin, Laurdalstind, Hattebergfossen og Hardangerfjorden. Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og motar innanfor hagekunsten. Her kan du oppleva over 300-år med hagehistorie!

Renessansehagen og landskapsparken

Den praktfulle Rosehagen, med det kvitkalka slottet og fjella i bakgrunnen, er eit vakkert syn for alle som kjem for å oppleva slottet, hagen og landskapet.

Rosehagen er avgrensa mot vest av ein over 300-år gamal buksbomhekk. Den er ein rest av innhaldet frå den gamle renessansehagen til Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt.

Rosendal Havecafé & Butikk

Hagecaféen byr på deilig lunsj med friske råvarer frå kjøken- og urtehagen, samt utvalde lokale produsentar frå Rosendalsområdet. På grunn av retningslinjer frå myndighetene har Rosendal Havecafé kun enkel servering i sommar, og er open i perioden 5. juli – 9. august.

Ein kan sitja innandørs i Hagecaféen, under glastak i drivhuset med utsikt mot Slottet frå 1665 med Malmangernuten i bakgrunnen, eller ute i sola når vêret er fint. Friske råvarer fra kjøkken- og urtehagen vert hausta dagleg gjennom heile sesongen, og pregar menyane i Rosendal Drivhus.

Sjå andre opplevingar innan

Kunst og kultur

No items found.