Bondhusvatnet

Tur til vakre Bondhusvatnet

Bondhusbrea og Bondhusvatnet har vore eit ynda reisemål sidan midten av 1800-talet, og det har ikkje vorte mindre populært med åra. Bilete av det fotovennlege brevatnet dukkar opp stadig hyppare på sosiale medier, og det er ikkje utan grunn. Fargane i vatnet, det unike landskapet og brearmen i bakgrunnen gjer at Bondhusdalen siglar fram som blant dei aller vakraste dalføra i Noreg.

Turen opp frå parkeringsplassen i Sundal er ikkje krevjande i det heile. Både barnevogner og rullestolar, dog med kraftig motor, kan få seg opp dalen til Bondhusvatnet. I roleg gange tek turen om lag 2 timar t/r. Ynskjer du å gå heile vegen inn til breen, tek det éin time ekstra.

Sjå andre opplevingar innan

Utandørsaktivitet

No items found.