Folgefonna Nasjonalpark

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833.

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.

Breen og nærområdet byr på unike innblikk i kva som gjekk føre seg den gongen innlandsisen dekte store delar av Skandinavia, då brearmane grov ut fjordane og dalane som gjer vestlandsnaturen så vidgjeten.

Fire landskapsvernområde har grense til nasjonalparken: Bondhusdalen, Buer, Ænesdalen og Hattebergsdalen.

Folgefonna Nasjonalpark har mange besøksmål, som er eit utval av stader med praktfull natur og spennande kulturelle høgdepunkt. På lista finn du naturstiar til flotte utsiktspunkt, kulturminne som avdekkjer Folgefonnhalvøya si fargerike historie, og spennande utstillingar som gjev verdifull innsikt.

Har du lyst å gå på brevandring? Padle kajakk på fjorden eller eit isvatn? Kanskje har du lyst å gå på ein tursti til den høgaste nut?

I tilknytning til Folgefonna Nasjonalpark finn du opplevingar for kvar ein smak!

Legg gjerne turen innom ein av nasjonalparken sine innfallsportar for å få verdifull informasjon som gjev størst mogeleg utbyte av besøket ditt hos oss.

Foto: Rosendal Natur

Sjå andre opplevingar innan

Utandørsaktivitet

No items found.