Folgefonnsenteret

Naturlege høgdepunkt

Interaktiv utstilling om vatnet si reise på Jorda, naturmangfald, livet i Hardangerfjorden, om Folgefonna Nasjonalpark.

Folgefonnsenteret i Rosendal fortel historia om breen, livet i Hardangerfjorden, vatnet si reise på jorda, berekraftig bruk av ressursane i fjorden, klima og klimaendringar. Lær om korleis menneska har brukt naturressursane på Folgefonnhalvøya gjennom tidene, heilt sidan dei første innvandrarane slo seg ned her for 9000 år sidan.

I utstillingane finn du informasjon om Folgefonna nasjonalpark, og kunnskap om naturen og aktivitetar rundt Folgefonnhalvøya.

Senteret opna i 2017, og i utstillinga med 18 interaktive stasjonar lærer du m.a. om Folgefonna nasjonalpark, livet i Hardangerfjorden, vatnet sin syklus og klimaendringar. I auditoriet på senteret kan du sjå fire spennande filmar med tema vatn, geologi, livet på jorda og hjort.

Folgefonnsenteret har felles billett med Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga.

Sjå andre opplevingar innan

Naturlege høgdepunkt

No items found.