Geopark Sunnhordland

I Sunnhordland er du alltid nær ein stad der stein, landskap og utstillingar byr på både utsikt og innsikt.

Du er invitert til å oppdage Sunnhordlands sjel gjennom vår natur og kultur.  Men trø varsamt, far sporlaust, handle lokalt og ver førebudd på vårt ville vestlandsvær.

Eit usedvanleg breidt spekter av vulkansk geologi, “fødd” i Iapetushavet og pressa i den Kaledonske fjellkjedefaldinga, har skapt kultur og næringsliv på nordsida av Hardangefjorden gjennom 10 000 år.

30-40 istider gjennom dei siste 2,6 millionar åra har forma landskapet vårt. Den historia er spesielt godt fortalt av fjell, morenar og jettegryter sør for Hardangerfjorden, men og av sjølve fjorden.  

Gjennom besøksmåla til Geopark Sunnhordland kan du lære meir om steintypane, isen og kulturhistoria som har forma regionen vår.

I Kvinnherad er besøkssmåla:

Steinparken, Rosendal

Ulvanosa, Uskedal

Folgefonnsenteret, Rosendal

Gruvene, Ølve

Sjå andre opplevingar innan

Utandørsaktivitet

No items found.