Halsnøy kloster

Opplev det historiske tunet Halsnøy Kloster, og ruinane etter eit Augustinerkloster frå 1163


På øya Halsnøy i innløpet av Hardangerfjorden, Kvinnherad kommune ligg ruinane etter eit Augustinerkloster bygd kring 1300. Men klosterdrifta på staden kan sporast attende heilt til 1100-talet.

Halsnøy Kloster er i dag eit av fleire historiske tun i Sunnhordland museum sine samlingar og blir drifta som eigen avdeling, som museum og ein aktiv kulturarena. Gjennom heile året finn du små og store tilskipingar som omvisingar, utstillingar, føredrag, konsertar og den årvisse «klosterdagen» med rikt program for store og små.

Sunnhordland Museum har sidan 2010 hatt tilbod om kunstnaropphald ved Halsnøy Kloster for kunstnarar som arbeider fotobasert. Så langt har 45 kunstnarar frå 22 land hatt tre vekers opphald, med påfølgjande utstilling året etter.

Sommarope Halsnøy kloster 2020:

16. juni –  9. august

tysdag – sundag kl. 11.00 – 16.30

Faste omvisingar i tunet kl. 11.30, 13.00 og 14.30

Sjå andre opplevingar innan

Kunst og kultur

No items found.