Kvinnherad Kyrkje

Historisk kyrkje

Kvinnherad kyrkje vert kalla Kvinnheradskatedralen avdi mange meiner ho er ei av dei vakraste middelalderkyrkjene i Noreg. Ho er bygd i stein kring 1250, og har vore ei av fire hovudkyrkjer i Hordaland. Dette syner at Rosendal har vore eit rikt og viktig senter for kristendomen.

Alteret i stein har hulrom med plass til relikvier, eitt av fleire minne frå katolsk tid. Frå 1678 fram til 1910 var kyrkja eigd av Baroniet Rosendal, som stod for oppussing og dekorering i dette tidsrommet. Himlinga er strødd med stjerner og andre himmellekamar for å gje kyrkjelyden ei kjensle av å sitja under Guds himmel.

Omlag 1670 vart gravkammeret for Rosenkrantzfamilien bygd, og det er framleis intakt med vakre sarkofagar. Altertavla vart måla av Hans Sager i 1705 på oppdrag frå baron Aksel Rosenkrantz, og syner nattverden, krossfestinga og oppstoda. Omvisinga tek ca. 20- 30 minuttar.

Kyrkja er open for omvising i høgsesongen for enkeltpersonar, elles for grupper etter avtale. Gjeld ikkje 2021

NB: det er stengt (ikkje omvisningar) på dagar det vert halde gravferd.

Sjå andre opplevingar innan

Kunst og kultur

No items found.