Rosendal Fjellsport

Store naturopplevingar med lokale guidar - bli med Rosendal Fjellsport på tur!

Med lokal tilknyting og kjennskap til fjella veit vi kvar dei fine opplevingane finst, dei flottaste nedkjøringane på ski og dei vakraste utsiktene frå toppane. Bli med oss på tur!

Spektakulære naturopplevingar er mogleg heile året!

Det er mange flotte fjelltopper i Rosendal og omegn. Dersom du ønsker hjelp til å bestige ein av dei så kan vi vise deg veg! Frå toppane får ein god utsikt både til havet i vest og til Folgefonna i aust.

Vi tilpassar fotturen etter ønske og evne, slik at du får ei best mogleg oppleving på tur.


Vinter og vår er det og fantastiske moglegheiter for skiturar i Rosendalsalpane. Rosendal er kjent for å ha høge alpine topper og fine nedkjøringer til tross for at området ligger så langt sør-vest i Noreg. Med Folgefonna i bakgrunn og havet i vest er forholda gode for at fjella blir dekka med mengder med snø, og ein kan dermed ha moglegheit til å gå på ski langt ut i juni.

Vi arrangerer både kurs og føringsturar på ski. Dersom du ønsker meir kunnskap om skredfarevurdering eller sikker gjennomføring av skitur i fjellterreng, eller om du rett og slett berre ønsker ein lokalkjent guide til å finne den beste snøen i området, så kan vi hjelpe deg!

Sjå andre opplevingar innan

Utandørsaktivitet

No items found.