Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga

Innhaldsrikt skipsbyggjarmuseum i Folgefonnsenteret

Kvinnherad har lange tradisjonar for båtbyggjing. Mange kjende skuter vart bygde her, mellom anna Roald Amundsen si "Gjøa". Skaalurensamlinga er eit museum som syner den verksemda som Skaaluren Skipsbyggeri dreiv i perioden 1855 - 1955. Gjennom fire generasjonar bygde dei trefarty av alle slag; skøyter, jakter, galeasar, skonnertar, sluppar og kutterar. Samlinga inneheld teikneutstyr, tømmermannsreiskap, smedutstyr og anna som høyrde til på verftet.

Sjå andre opplevingar innan

Kunst og kultur

No items found.