Statuen av Rosendalsborken, utført av den kjende dyreskulptøren Skule Waksvik, vart oppsett i Rosendal sentrum i 2005.
Rosendalsborken vert sett på som idealhingsten mellom fjordhestane. Han vann seg eit namn både nasjonalt og internasjonalt, og vert i dag brukt som logo for Norges Fjordhestlag.
Hingsten vart i 1864 kjøpt av stamhuseigar Hoff Rosenkrone. Hesten vart 26 år.
Skulpturen kom til Rosendal i 2005
Skulpturen "Mot Melderskin" er laga av bilethoggar og målar Nico Widerberg. Den vart gitt i gåve til Rosendal i samband med 1000 års markeringa i år 2000.
Skulpturen hadde i utgongspunktet eit blått glashovud, men dette tålte ikkje svingningane i temperaturane og måtte skiftast i 2001.