Hardanger Fjord Lodge

Omkransa av stupbratte fjell, Folgefonna, Bondhusvatnet og fjorden, ligg Hardanger Fjord Lodge idyllisk plassert nede på kaien i Sundal.

Vertskapet Caroline og Harald har gitt det gamle ærverdige Hotel Sundal frå 1889 nytt liv som Hardanger Fjord Lodge. Det sjarmerande sveitserhuset frå 1889 er pussa opp, men vertskapet har teke vare på historia i veggane og tilbyd eit personleg og autentisk opphald på dei 11 romma deira – alle med senger av 100 prosent naturmateriale.

Caroline og Harald har eit brennande engasjement for staden sin og får har fokus på gjenbruk, vintage møbler, handlaga skattar, kortreist mat og drikke - rett og slett det gode liv.

Nede ved fjorden har dei og ei badstove med ei utsikt få andre kan skilta med.

Utforsk andre

Hotell

i Kvinnherad

No items found.