Barlinda

Vanskelighetsgrad
Lett
Stad
Varaldsøy
Høydemeter
230 - 280 moh.
Tid
1 time t/r.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Heile året

Om turen

Stad
Varaldsøy.

Turkart
Noreg 1:50 000 blad 1215 11 Varaldsøy.
Folgefonna nasjonalpark.
Folgefonna - Hardangerfjorden.

Merking
Informasjonstavle ved startpunkt.
T- merka og skilta.

Gradering
Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad
230 - 280 moh.

Tidsbruk
1 time t/r.

Turomtale
Frå P-plassen på skogsveg nordaust langs venstre side av elva. Etter 400 meter kryssar skogsvegen ein bekk, mens stien til Barlinda går langs venstre bredde 200 meter nesten fram til ei hytte. Derfrå sti til venstre opp i åsen til Barlinda.
Dette er ein fin tur for heile familien gjennom vakre skogsområde.
Stien kan vere litt tilgrodd.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
Glebakka.

Parkering
Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen ca 1 km. Ta så til høgre i vegkrysset like etter bedehuset (stort kvitt hus på høgre side). Etter ca 500 meter ta til venstre ved skilt mot Øyerhamn. Følg vegen ca 5 km til Glebakka, skilt på høgre side av vegen. Parker på opplagsplassen ved elva.

Tips fra lokale

Gode råd
Elva ved P-plassen er kjelda for drikkevatnet på Varaldsøy, vis hensyn.
Barlinda er nord-Europas største barlind. Den er freda ved norsk lov. Treet er holt, og fint for ungane å klatra i.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.