Bjellandsneset

Vanskelighetsgrad
Lett
Stad
Sunde
Høydemeter
0 - 50 moh.
Tid
1,5 timar.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Heile året

Om turen

Stad
Sunde

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Topografisk kart Norge 1 : 50000 blad 1214 IV – Husnes.

Merking
Informasjonstavle ved start.
Skilt, raudmåla merke og merkestikker.

Gradering
Blå. Lett, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
0 - 50 moh.

Tidsbruk
1,5 timar.

Alternativ rute i starten:
Frå tømmeropplagsplassen ca 200 meter etter P-plassen, kan ein alternativt gå merka rute til venstre om den gamle husmannsplassen Holo. Legg merke til dei fine murane og tenk på slitet den gongen. Denne ruta kjem attende til hovudruta, sjå Omtale.

Turomtale
Etter 1 km på skogsveg frå parkeringsplassen går stien til venstre inn i skogen. Ytst på Bjellandsneset ligg gravrøysa Storarøyso frå bronsealderen. Vidare går ein framom Krabbhopen i Åskesvikjo, som er ein fin raste- og badeplass, og attende til skogsvegen og parkeringsplassen. Dette er ein idyllisk rundtur i typisk vestnorsk skogsterreng, i nærkontakt med Husnesfjorden.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
P-plass der skogsvegen startar ved enden av Vardhaugvegen på Bjelland.

Parkering
Køyr over brua i Sunde sentrum og mot høgre fram til vegkryss som er skilta mot venstre til Bjelland. Følg Bjellandsvegen til første sideveg til høgre på bakketopp, Vardhaugvegen. Ved enden av Vardhaugvegen, gjennom eit lite bustadfelt, er det P-plass for 3-4 bilar der skogsvegen startar.

Tips fra lokale


Turen går i fint skogsterreng på skogsveg og sti, men det kan vera vått i enkelte parti.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.