Bondhusdalen og Bondhusbrea

Vanskelighetsgrad
Lett
Stad
Sunndal
Høydemeter
60 – 190/320 moh
Tid
2 timar t/r Bondhusvatnet. 3 timar t/r inste enden av Bondhusvatnet. 4 timar t/r morenesletta (Vetledalen) under Bondhusbrea.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Heile året til Bondhusvatnet

Om turen

Stad
Sunndal, Mauranger.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Merking
Skilt og orienteringstavler er oppsette, men ruta er ikkje gjennomgåande merka.

Gradering
Bondhusvatnet: Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet. Godt eigna for barnevogn, sykkel og motorisert rullestol.
Bondhusbrea: Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
60 – 190/320 moh.

Tidsbruk
2 timar t/r Bondhusvatnet.
3 timar t/r inste enden av Bondhusvatnet.
4 timar t/r morenesletta (Vetledalen) under Bondhusbrea.

Turomtale
Frå P-plassen på god grusveg, Isvegen, til Bondhusvatnet 190 moh. Vegen vart bygd i 1863 for å frakta is frå Bondhusbrea ned til fjorden for eksport til utlandet, og er seinare vedlikehalden som ein uvanleg fin turistveg. Vidare er det sti langs vatnet og opp til Vetledalen 320 moh. der ein kjem nærare Bondhusbrea. For breklatring vert Bondhusbrea ofte nemnt som den flottaste i landet. Bondhusdalen er sentral i Folgefonna Nasjonalpark, og det er ikkje tilfeldig at det var nett her dronning Sonja opna Nasjonalparken 14. mai 2005. Sjå namnetrekk på stein ved Bondhusvatnet. Området har vore som ein magnet på turistar og fjellfolk sidan midt på 1800-talet.

Rullestol
Vegen frå parkeringplassen til Bondhusvatnet har fast grusdekke. Fleire grindar må passerast på turen, så hjelpar er nødvendig. Godt eigna for motorisert rullestol. Nokre bakkar krev kraftig motor.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
Bondhus.

Parkering
Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved fylkesvegen. OBS: Parker slik at vegen er framkomeleg for traktor.

Tips fra lokale

Gode råd
Stien kan vera delvis blaut opp frå Bondhusvatnet mot Vetledalen/Bondhusbrea.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.