Stad
Nordrepollen, Mauranger.
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Merking
Informasjonstavle ved P-plass.
Inga merking.
Gradering
Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad
740 - 1100 moh.
Tidsbruk
3 timar t/r
Turomtale
Bilturen inn Maurangerfjorden og på anleggsvegen frå Nordrepollen til fjells, er ei oppleving i seg sjølv. Vegen har fast dekke og er godt sikra. Statkraft si vasskraftutbygging i Maurangerfjella er rekna for å vera den mest krevjande som er gjort i Noreg.
Frå P-plassen forbi vegbom og på grusveg 1 km til Botnatjørna. Frå utkjørsla litt forbi demningen, går ein ned på flatene, for så å ta seg over bekkene på nordsida av Botnatjørna. Langs austsida av Botnatjørna til sti som rundar opp nordaust og inn i Botnane. Her er som eit klasserom for undervisning om korleis breane påverkar landskapet, med avsetjingar og morenerygger, og eit moseteppe som ein sjeldan ser maken til. Deretter bratt opp mot nord i laus grus og stein til markert skar. Her er ein såkalla ”påkastvarde”, dvs at alle som passerer her kastar på ein stein. Frå skaret kjem ein ned i dalen som leiar inn til Botnabrea.
For å gå inn på brea må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit fullgodt alternativ er ei delvis ulendt oppdagarferd i berga langs sørsida av bretunga. Her er uvanleg mange flotte og varierte is- og bergformasjonar.
Start- og sluttpunkt
Jukla kraftstasjon.
Parkering
Frå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass ved Jukla kraftstasjon.
Gode råd
Ved stor vassføring kan bekkene ved Botnatjørna vera vanskelege å passera utan støvlar.
Nytt:
Bekkene på nordsida av Botnatjørna har samla seg i eitt stort løp innerst. Her kan vera vanskeleg å kryssa, spesielt for born. Ta heller den flotte turen til Juklavatnet.
OBS! Anleggsvegen frå Nordrepollen og til Jukla kraftstasjon er stengt sommarhalvåret 2020 - opnar først seinhaust 2020.