Stad
Husnes
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Merking
T-merkt og skilta
Gradering
BLÅ – Moderat
Høgdeskilnad
25-460 moh
Tidsbruk
2 timar t/r i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg
Turlengde fram: 3,1 km
Turomtale
Gå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og følg merkt sti gjennom skogsområde til Bremstølsvatnet. Fin utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, og Stord.
Bremstølsvatnet er eit turmål som ligg inne i DNT-appen SjekkUT.
Startpunkt og parkering
Ved Husnes Vassverk tett ved fylkesvegen, 300 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes
Elva er drikkevasskjelde, vis omsyn.
Frå Bremstølsvatnet kan ein følgja stiar vidare til Sundstølsvatnet, Svartavatnet, Manen og Englafjell. Ein kan også velja alternativ sti tilbake til bilvegen på nordsida av Hellandselva. På bilveg berre få hundre meter til turstart ved vassverket.
Sjå også ruter frå Herøysund og Uskedalen: www.tursti.kvinnherad.no