Englafjell frå Fet

Vanskelighetsgrad
Ekspert
Stad
Uskedal
Høydemeter
10 – 1200 moh
Tid
7 timar t/r.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Vår - sommar - haust

Om turen

Stad
Uskedalen.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.


Merking
Informasjonstavle ved løa.
T-merka med skilt og vardar.

Gradering
Svart, 4 støvlar etter DNT-system

Høgdeskilnad
10 – 1200 moh

Tidsbruk
7 timar t/r.

Turomtale

Frå starten ved gardsløa gå vegen forbi gardstunet, gjennom grind og inn på skogsveg. Følg skogsvegen ca 300 m. Ta deretter av mot venstre og følg merkinga gjennom tett granskog og etter kvart noko bratt. Over tregrensa praktfull utsikt som vert betre og betre dess høgare ein kjem.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
Frå P-plassen følg rv 48 ca 300 m over brua til vegkryss med skilt til Musland. 100 meter langs den flotte steingarden som høyrer til Kapteinsgården. Merkinga startar ved gardsløa i svingen.

Parkering
Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen.

Tips fra lokale



Skogsvegen i starten av turen kan vera litt blaut.
Sjå også omtale for alternativ rute ”Englafjell frå Eik” som opnar for ein fin rundtur.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.