Gråskallen

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Herøysund
Høydemeter
50 – 440 moh.
Tid
3 timar t/r.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Heile året

Om turen

Stad
Herøysundet.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Merking
Informasjonstavle ved start.
Skilta og T-merka frå skogsvegen 50 meter sør for Herøysundet vassverk.

Gradering
Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
50 – 440 moh.

Tidsbruk
3 timar t/r.

Turomtale
Frå P-plass ved Grendahuset 500 meter sørover langs hovudvegen til skilt som viser opp gardsvegen til venstre. Herfrå 500 meter til start for den merka ruta like over elva ved vassverket. Turen går slakt oppover i fint skogsterreng som etter kvart flatar ut, før siste korte strekkja opp over berga til varden.

Gråskallen er den snaue skolten over Longgoto mellom Husnes og Herøysundet, med stor varde på toppen. Mange vert overraska over korleis Husnesområdet tek seg ut frå denne kanten. Få stader får ein etter lite slit så godt utsyn mot øyar og fjordlandskap på vest- og nordsida av Hardangerfjorden. Her kan ein nyta eit panorama frå Varaldsøy til Halsnøy og havet.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
Ved skogsvegen 50 meter sør for Herøysundet vassverk.

Parkering
Ta av frå riksvegen i nord eller sør og følg bygdevegen til P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda. Det er bilveg til vassverket, men vanskeleg å parkera langs vegen.

Tips fra lokale


Ruta går på god skogssti som enkelte stader kan vera noko myrlendt. Den skilta og merka rundturen om det idylliske Hellvikvatnet kan anbefalast, der er stadvis noko brattare.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.