Håfjellet

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Halsnøy
Høydemeter
80 - 220 moh.
Tid
1.5 time som rundtur t/r
Turtype
Rundtur
Sesong
Heile året

Om turen

Stad
Halsnøy, Ålamarkjo

Turkart
Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.

Merking
Informasjonstavle ved P-plass. Skilta og T-merka.

Gradering
Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet. Rundløype.

Høgdeskilnad
80 - 220 moh.

Tidsbruk
1.5 time som rundtur t/r. Håfjellet.
3,5 time dersom lang rundtur om Tjobergshaugen.

Turomtale
Frå P-plassen 100 meter på skogsveg opp til ei lita høgd der stien tek av mot venstre. Stien kjem opp til toppen frå nordaust. Frå Håfjellet kan alternativ retur vera ned mot aust til P-plassen, først på sti og så på skogsveg. Følg då merking mot Tjoberghaugen ned til stidele og så mot venstre til skogsveg. Frå der skogsvegen kjem ned på hovudvegen, er det om lag 200 meter nordover attende til P-plassen.

Stien til Tjobergshaugen går sørvestover frå stidelet. Oppgangen til Tjodbergshaugen frå aust er bratt. Frå Tjoberghaugen kan ein gå den lange rundturen om skytebanen attende til P-plassen ved Gravdalsvatnet.
Bruk fantasien for å leggja opp interessante turar.

Ankomst

Start-og sluttpunkt
P-plass ved Gravdalsvatnet, på vegen mellom Gravdal og Sjøvangen (Sjoango).

Parkering
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. I krysset ved den krappe venstresvingen i Gravdal, ta av til høgre mot Sjøvangen. Køyr oppover den lange bakken og langs Gravdalsvatnet til liten P-plass på høgre side av vegen ved sørenden av vatnet.

Tips fra lokale

Gode råd
Delvis våt og fuktig sti, bruk eigna fottøy.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.