Stad
Valen (Handeland)
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Merking
God grusveg utan merking. Informasjonstavle ved P-plassen.
Gradering
Grøn. Ein sjeldant fin turveg for barnevogn og motorisert rullestol.
Høgdeskilnad
80 – 110 moh.
Tidsbruk
1 time t/r.
Turomtale: Flott tur innover Handelandsdalen langs den stilleflytande elva til Feto med ope grillhus. Turen eignar seg for både dei minste og dei eldste. Rullestol: Vegen langs elva og inn til Feto har fast grusdekke, og er svært godt eigna for elektrisk rullestol. Det er ein bom i starten, men denne kjem ein lett rundt.
Start- og sluttpunkt
Handeland gard.
Parkering
Kjør til Handeland gard sør for Valen, og gjennnom gardstunet til P-plass i skogkanten bak garden.
Gode råd
Ein tur for samtale og meditasjon.