Stad
Nordrepollen, Mauranger.
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Start- og sluttpunkt
Jukla kraftstasjon.
Gradering
Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad
740 - 1200 moh.
Tidsbruk
3 timar t/r.
Turomtale
Bilturen inn Maurangerfjorden og på anleggsvegen frå Nordrepollen til fjells, er ei oppleving i seg sjølv. Vegen har fast dekke og er godt sikra. Statkraft si vasskraftutbygging i Maurangerfjella er rekna for å vera den mest krevjande som er gjort i Noreg.
Frå P-plassen forbi vegbom og på grusveg 4 km til Juklavatnet.
Sjeldan kjem ein så lettvint til vestnorsk høgfjellsnatur med utsikt mot storbre, fjordar, øyar og hav.
Parkering
Frå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass ved Jukla kraftstasjon.
Merking
Informasjonstavle ved P-plass.
God grusveg utan merking.
Gode råd
Ved høgste punkt på vegen før Juklavatnet bør ein leggja ein kort avstikkar opp og austover berga til NVE si anleggsbrakke. Fin nisteplass med storfelt utsyn.
OBS! Anleggsvegen frå Nordrepollen og til Jukla kraftstasjon er stengt sommarhalvåret 2020 - opnar først seinhaust 2020