Stad
Husnes.
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Merking
Informasjonstavle ved start.
T-merka og skilta.
Gradering
Blå. Lett, ein støvel etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad
15 - 271 moh.
Tidsbruk
1,5 time t/r.
Turomtale
Frå P-plassen opp til høgre forbi Kvinnherad vidaregåande skule. Følg sti i skogen og traktorveg litt til venstre like ovanfor KVV. Deretter på sti til høgre opp lia til møte med sti frå Kaldestad. Hald til venstre og følg stien til toppen.
Stien går gjennom fin, gammal fureskog. Variert og rikt fugleliv. Fine utsiktspunkt i alle retningar etter kvart som stien rundar rundt åsen. Kvilebu på toppen.
Start- og sluttpunkt
P-plassen ved Kvinnherad Vidaregåande skule.
Parkering
P-plassen ved Kvinnherad Vidaregånde skule.
Sleipt og vått enkelte små parti, bruk gode sko.
Sjå også fleire rutealternativ til Kaldestadåsen under ruteorientering for Sunde.