Stad
Uskedalen.
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Merking
Skilt og informasjonstavle ved P-plassen.
Enkelte T-ar langs skogsvegen.
Gradering
Grøn.
Eigna for barnevogn, sykkel og motorisert rullestol.
Høgdeskildnad
80 - 100 moh.
Tidsbruk
1,5 timar t/r.
Turomtale
Ein går over brua og følgjer skogsbilvegen til venstre. Etter vel 1 km kjem ein fram til Uskedalen elveeigarlag sin kalkestasjon. Dette er endepunktet på turen. Ved kalkestasjonen er det sett opp bord der ein kan nyta nista.
Rullestol:
Turstien er godt eigna og har fast grusdekke. Vegen har bom i starten, men den er vanlegvis ikkje nede og låst.
Start og sluttpunkt
Øvre Haugland, ved bru over Uskedalselva.
Parkering
Frå rv. 48 tek ein av på veg skilta mot Musland.
Etter ca 4 km er det P-plass ved bru over Uskedalselva mot høgre til skogsveg.
Dersom ein ønskjer å kombinera turen til kalkestasjonen med ein terrengtur, kan ein følgja stien til Ulvanosa 100 meter til møte med stien som kjem frå Døssland. Over brua og lett tur ut dalen til bilvegen 100 meter ovanfor idrettsplassen. Rundturen er ikkje eigna for barnevogn og rullestol.