Kvanto

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Omvikdalen
Høydemeter
100 - 992 moh.
Tid
5 timar t/r.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Vår - sommar - haust

Om turen

Stad
Omvikdalen.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Merking
Skilt og informasjonstavle ved P-plassen.
T-merka til Kvanto frå skilt ved vegenden ca 600 moh.

Gradering
Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
100 - 992 moh.

Tidsbruk
5 timar t/r.

Turomtale
Frå P-plassen fin oppstigning til enden av skogsvegen der terrenget flatar av ca. 600 moh. Herfrå skilta og T-merka sti i sørleg lei, først i slakt terreng og vidare brattare opp rinda mot toppen til varden på Kvannto. Flott utsikt over fjelheimen og Sunnhordland.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
Hjelmeland ved Nistovetunet, historisk verna gardstun.

Parkering
Skilt ved fylkesvegen viser opp til parkering ved ny stor fellesfjøs, Revuro.

Tips fra lokale


Få stader er det så verhardt som rundt Kvannto, og kartnamnet Verhardo høver godt.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.