Lysløypa i Tveitedalen

Vanskelighetsgrad
Lett
Stad
Tveitedalen, Utåker.
Høydemeter
Ruta er litt kupert.
Tid
1 time rundtur
Turtype
Rundtur
Sesong
Heile året

Om turen

Stad
Tveitedalen, Utåker.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Merking
Informasjonstavle ved ”Ternebu”.
Ikkje spesielt merka, men følgjer lysrekka rundt Bakkastølsvatnet.

Gradering
Grøn. Deler av rundturen kan gåast med barnevogn, i alle fall 1,2 km til inste brua.

Høgdeskilnad
Ruta er litt kupert.

Tidsbruk
1 time rundtur.

Turomtale
Rundløype. Frå P-plassen følgjer ein lysløypa på høgre sida innover langs vatnet og elva, ca.1,2 km til inste brua. Over brua og tilbake langs vestsida av vatnet. Grillplass med bord og benker ved Tverrberg etter ca. 0,8 km.

Rullestol:
Første del av rund løypa i Tveitedalen er godt eigna for elektrisk ute-rullestol, og har fast grusdekke fram til inste brua. Resten av løypa er ueigna for rullestol.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
”Ternebu” i Tveitedalen.

Parkering
Ved ”Ternebu”, skisenteret i Tveitedalen.
Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i vegkryss før nedkjøring til ferjekaien på Utåker.
Ved nytt vegkryss etter 3 km går vegen 2,5 km nordover til skisenteret.

Tips fra lokale

Gode råd
Første halvdel av løypa er eigna for barnevogn og rullestol. Mulegheiter for fiske (småaure) i elva langs løypa. Fiskekort ikkje naudsynt. Fine badeplasser sommarstid. Vått ver krev gode sko over myrane midtvegs på turen.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.