Malmangernuten frå Hattebergsdalen

Vanskelighetsgrad
Krevende
Stad
Rosendal
Høydemeter
150 – 890 moh.
Tid
5 timar t/r
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Vår - sommar - haust

Om turen

Stad

Rosendal.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen.

Først på 2 km grusveg utan merking, deretter T-merka og skilta på sti opp Murabotnen.

Gradering

Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Turomtale

Frå P-plassen på Fossberg 2 km langs grusveg til dalbotnen. Stien går opp Murabotnen, og til høgre i stidele med Skeisfjell. Herfrå til stidele mot Guddal og vidare langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen ut til Malmangernuten. Utsyn til vassdrag og mektige fjellområde, bygder, fjordar og hav.

Ankomst

Start- og sluttpunkt

Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen.‍

Parkering

Følg vegskilt "Fossberg" frå vegdelet før Baroniet.

P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.

Tips fra lokale

Ved stor vassføring kan bekken oppe i Murabotnen vera vanskeleg å passera. Noko bratt ovanfor bekken. Alternativ til retur same veg kan vera retur til stidele mot Guddal, eller stien frå Malmangernuten direkte ned til Rosendal. Sjå rutene "Malmangernuten frå Rosendal" og "Skeisfjell"

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.