Måvatnet

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Gjetingsdalen, Mauranger
Høydemeter
250 - 600 moh.
Tid
4 timar t/r.
Turtype
Sesong
Vår - sommar - haust (avhengig av snømengde)

Om turen

Stad
Gjetingsdalen, Mauranger.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.


Merking
Informasjonstavle ved start.
T-merka og skilta.

Gradering

Blå. Moderat, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

250 - 600 moh.

Tidsbruk

4 timar t/r.

Turomtale
Frå P-plassen 1 km på god grusveg, Setravegen, til hengebru over Dalelva til venstre. Herfrå på god sti opp Småbotnane og Hestaskarvet, og i flatare lende fram til Utigardsetra. Derfrå bratt opp til Måvatnet. Retur same vegen, eller som nemnt under ”Gode råd”.

Dette området av Kvinnherad gjev ei sjeldan oppleving av variert natur, med vidt utsyn til bre og hav.

Ankomst

Start og sluttpunkt
Bakke.

Parkering
Køyr bygdevegen opp Gjetingsdalen til Bakka. Skilta P-plass på venstre side ved driftsbygning.

Tips fra lokale

Gode råd
Ta med kikkert. Alternativ retur er å gå ned den gamle seterstien, men ver merksam på at øvre del av stien er svært bratt og ulendt. Gå då attende forbi Utigardsetra og til stidele oppe på fyrste høgda, der seterstien går mot høgre. Bratt ned i Juvet der stien kryssar Tverrelva, og så ned Øyjordslia til bygdevegen. 500 meter langs vegen opp til parkeringsplassen på Bakka.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.