Melderskin

Vanskelighetsgrad
Ekspert
Stad
Rosendal
Høydemeter
160 – 1426 moh.
Tid
4 timar opp, litt mindre ned
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Vår - sommar - haust

Om turen

Stad
Rosendal.

Turkart
Turkart Folgefonna nasjonalpark.
Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Merking
Informasjonsstavle ved P-plassen. Herfrå 300 m langs vegen utan merking, før stien svingar opp mot Skarshaug. T-merka med vardar og skilt.

Gradering
Svart. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
160 – 1426 moh.

Tidsbruk
4 timar opp, litt mindre ned.

Turomtale
Frå P-plassen 300 m langs vegen, før stien svingar opp mot Skarshaug.
Stien går først i utmark og blandingsskog. Over tregrensa følgjer stien små rygger og dalar, dei spesielle Rindane. Første toppen, Skarshaug, er halvvegs til Melderskin. Siste stykket opp hit har sherpaer frå Nepal sikra med trapper. Flott utsikt. Dalen mot søraust er Hattebergsdalen, ein viktig innfallsport til Hattebergvassdraget og Folgefonna nasjonalpark. Vidare oppover blir underlaget meir stein og lite vegetasjon. Ei uventa oppleving er moseteppet og det friske kjeldevatnet i Holo. Her ligg ofte snøfonnene heile sommaren.

Varden på det flate topplatået er bygd av Norges geografiske oppmåling i 1913. Storslått utsikt mot havet, fjordar og fjell, og Folgefonna.

Melderskin vert ofte kalla ”Dronninga blant Hordalandsfjella”.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
Kletta.

Parkering

Følg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum  til P-plass ved stoppskilt på Kletta.

Tips fra lokale

Ta med ekstra drikke!

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.