Stad
Husnes
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Merking
T-merkt og skilta
Gradering
RAUD – Krevjande
Høgdeskilnad
25-1.005 moh
Tidsbruk
5 timar t/r i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg
Turlengde fram: 4,8 km
Turomtale
Gå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og gå vidare til nytt sti-dele høgare oppe der ein tar til høgre på sti merkt Mjelkhaug.
Etter kvart bratt opp Hellandslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp mot Mjelkhaug. Derfrå er det utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest, Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord, Ulvanosa mot aust.
Mjelkhaug er eit turmål som ligg inne i DNT-appen SjekkUT.
Startpunkt og parkering
Ved Husnes Vassverk tett ved fylkesvegen, 300 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes
Gode råd
Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden.
Steinen er synleg frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg. Alternativ retur kan vera ned over Svaneheia til Vardhaugselet, og om Nordfjell attende til parkeringsplassen, eller vidare innover til Svartavatnet og ned via Bremstølen.
Sjå også ruter frå Valen: www.tursti.kvinnherad.no