Nonshaug

Vanskelighetsgrad
Krevende
Stad
Omvikdalen
Høydemeter
60 - 810 moh.
Tid
4 timar t/r.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Vår - sommar - haust

Om turen

Stad
Omvikdalen.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Merking
T-merka frå vegkryss ved Ripel der skilt og informasjonstavle er oppsett.

Gradering
Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad
60 - 810 moh.

Tidsbruk
4 timar t/r.

Turomtale
Frå P-plass ved Omvikdalen skule langs fylkesvegen sørover ca 200 m til vegkryss ved Ripel der ruta startar. Ein følgjer utmarksvegen og passerer to grindar opp til sving før vegenden ca 350 moh. Skilt til Nonshaug ved høgre vegkant viser inn på stien. Først ca 100 m gjennom granskog og vidare i opnare lende opp til Krukestøl, der garden Øvre Sandvik støla i gamal tid. Vidare opp til Nonshaug og steinvarde på austre topp mot Omvikdalen. Vakker utsikt over kommunens største jordbruksbygd.

Ankomst

Start og sluttpunkt
Ripel, der vegen frå Sandvikjo møter vegen frå Dimmelsvik.

Parkering
Ved Omvikdalen skule.

Tips fra lokale

Det er T-merka sti frå Nonshaug sørover til Tverrfjell. Sjå ruteomtale for Tverrfjell. Bruk fantasien for å planleggja interessante turar.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.